Søkjer dagleg leiar til Vindafjordhallen symjehall

Vindafjord kommune lyser no ut stillinga som dagleg leiar for Vindafjordhallen symjehall.  

Stillinga blir ledig etter at noverande leiar har valt å gå tilbake til si opphavlege stilling som vaktmeister i kommunen. 

I perioden sidan oppstart har det vore jobba målretta med å få på plass bemanning, rutinar og system for trygg drift av symjehallen.  

Vindafjordhallen symjehall - Klikk for stort bilete Kristine Thorsen Eikeland

Kommunen ønskjer no å byggje vidare på dette arbeidet. 

– Noverande dagleg leiar, Mangor Bårdsen, har gjort ein stor jobb med å utvikla drifta og etablera nødvendige strukturar. Kommunen vil takka han for den gode jobben han har gjort, seier Berit Fyljesvoll Haugsland, som er einingsleiar for kommunaltekniske tenester. 

Vindafjordhallen - Klikk for stort bilete Kristine Thorsen Eikeland

Ei interessant stilling

Den nye stillinga vil bli vidareutvikla og få ein tydelegare pedagogisk profil.

Vindafjord kommune ser etter ein engasjert leiar som kan bidra til vidare utvikling av tilbodet. 

– Me trur dette blir ei interessant stilling, og håpar på gode søknadar, framhevar Fyljesvoll Haugsland. 

Søknadsfrist er 26. Januar. 

Les meir og søk på stillinga her

Vindafjordhallen symjehall - Klikk for stort bilete Kristine Thorsen Eikeland