Snart blir kommunen flyfotografert

FASTMERKE: Slike signalerte fastmerke vil vere eit vanleg syn i vår. I utmark er fastmerket ofte ein bolt i fast fjell. Utpå eit jorde t.d. blir ei kvit papplate montert på bakken. Signalerte fastmerke er nødvendige når vi tar flyfoto av terrenget. Pers Oppmåling, Kartverket

I tida framover vil landmålarar plassere kvite firkantar på bakken rundt om i kommunen. Desse fastmerka er avgjerande for at Kartverket skal kunne ta presise flyfoto. Vi ber om at merkene får stå i fred, og ta godt imot landmålarane.

I førebuingane før flyfoto, målar landmålarar inn fastmerke. Dette er kvite firkantar, målt på fast underlag eller plater montert på bakken. Kvalitetskrav gjer at mange eksisterande fastmerke er blitt ubrukelege. Det betyr endå fleire nymålte firkantar rundt om i landet no og i åra som kjem.

Planlagt plassering

Plasseringa til fastmerka er planlagt på førehand, men nokre tilpassingar må gjerast i felt. Alle merka må plasserast der det er føremålstenleg for kartlegginga. 

– Det er svært viktig at fastmerka får vere i fred. Takk for at du ikkje dekk til, flyttar på eller øydelegg dei kvite firkantane. Dette er fellesskapets ressursar i arbeid. Vi vil alle nyte godt av å ha oppdaterte kart når landmålarane er ferdige og flyfotograferinga er gjennomført, oppmodar Oddny Haugland i Kartverket.

Landmålarar på besøk

Viss du eig ein veg eller ein annan egna stad for signalering, som det heiter på fagspråket når fastmerke blir sett opp for å måle inn flyfoto, kan du få besøk av ein landmålar på din eigedom.

Matrikkelloven gir dei lovfesta rett til å plassere signal på privat og offentleg grunn. Landmålarane tek omsyn når dei jobbar.

Slik blir fastmerke festa

Landmålaren finn flat og fast grunn, ryddar bort vegetasjon og hamrar inn ein spiker i underlaget. Spikaren signalerast, som det heiter på fagspråket, ved å merke den med ein kvit firkant med tydeleg ramme rundt. Etterpå målar landmålaren inn fastmerket med sitt utsyr. Flyet må ha fri sikt til den kvite firkanten for å kunne kartlegge området.

Område som skal flyfotograferast

Kartverkets verksemd innan flyfoto til lands er i hovudsak delt i to aktivitetar. Det eine skjer gjennom Geovekst-samarbeidet. Det andre er den rullerande fotograferinga (omløspsfotografering) som skjer over heile landet.

Noreg i bilde

Vil du sjå huset ditt frå lufta, finn du dette på Norge i bilder. Her kan du òg bla deg gjennom ulike bilde-lag som syner flyfoto frå ulike tidsepokar.

FASTMERKE: Slike signalerte fastmerke vil vere eit vanleg syn i vår. I utmark er fastmerket ofte ein bolt i fast fjell. Utpå eit jorde t.d. blir ei kvit papplate montert på bakken. Signalerte fastmerke er nødvendige når vi tar flyfoto av terrenget. Pers Oppmåling, Kartverket

Informasjonen finn du også på Kartverket si nettside.