Slutt på koronasertifikat

Frå 30. juni 2023 legger EU ned ordninga med koronasertifikat. Etter denne datoen er det ikkje mogleg å få tilgong til koronasertifikatet.

Wilfried Pohnke, Pixabay

Koronasertifikat vert avvikla 30. juni

EUs forordning om koronasertifikat utløper 30. juni 2023. Sertifikatet vil ikkje lenger vera tilgjengeleg for norske innbyggarar.

Ingen land i EU krever koronasertifikat for innreise, og det er svært få andre land i verda som krever framvising av koronasertifikat for å komma inn i landet. Dei landa som krever dokumentasjon for vaksinasjon mot covid-19, ønsker som regel dokumentasjon på alle gitte vaksinedosar, og ikkje kun den siste som viser i sertifikatet.

Det er viktig å oppdatera seg på kva krav og reglar som gjeld til ei kvar tid i det landet du skal reisa til.

Meir informasjon om innreisekrav til ulike land finn du på UD sine nettsider om reiseinformasjon eller i UD sin app "Reiseklar".

Dei som treng dokumentasjon på vaksinasjon, finn dette på Helsenorge.