Samarbeid og fellesskap er viktig i kriser. Snakk med dei rundt deg om kva som kan skje, og korleis de kan klare dykk saman. Oppdater ditt eigenberedskapslager saman med ein beredskapsven!
Målet er å auke folk si medvit og kunnskap om eigenberedskap, slik at fleire gjer førebuingar. 
Det vil gjere både deg og lokalsamfunnet betre rusta til å handtere kriser og hendingar som kan oppstå – til dømes langvarige straumbrot, som fleire nyleg opplevde under ekstremvêret Amy.
Lurt å ha ein plan
Alle treng likevel ikkje gjere alt åleine. Det kan vere lurt å samarbeide med vener, familie eller naboar om eigenberedskap.
– Snakk gjerne med dei rundt deg om korleis de kan klare dykk saman dersom straumen, internett eller mobilnettet blir borte. Det er til dømes lurt å ha ein plan for å halde varmen, seier beredskaps- og kvalitetsrådgjevar i Vindafjord kommune, Lars Preben Håvik.
Beredskaps- og kvalitetskoordinator i Vindafjord kommune, Lars Preben Håvik, framhevar kor viktig det er å ha fokus på egenberedskap.
        Kristine Thorsen Eikeland
    Aktivitetar i Vindafjord
Sanitetskvinnene har denne veka hatt fleire aktivitetar i samband med Egenberedskapsveka 2025.
På det åpne møtet på Helsehuset i Ølen var tema kvinnehelse og eigenberedskap.
Deltakarane fekk brosjyrer, sjekklister og demonstrasjon av viktige ting å ha heime dersom straumen går eller kriser oppstår.
Ølen Sanitetslag har òg hatt sitt månadlege treff for ukrainske flyktningar, der eigenberedskap stod på dagsorden.
Dei fekk brosjyrar på ukrainsk og norsk og såg eksempel på ein eigenberedskapskasse.
        Ølen Sanitetslag
    Fredag og laurdag stod Sanitetskvinnene på Ølen Senter for å vise fram utstyr og dele ut informasjonsmateriell.
Leiar Anne-Tone Sandvik på Ølen Senter
        Ølen Sanitetslag
    Sanitetskvinnene gjer ein viktig innsats for å spreie kunnskap om eigenberedskap og tryggleik i lokalsamfunnet.
På bileta: Olha Demenchuk, AnneTone Salte Andersen (leiar Ølen Sanitetslag), Viktoriia Dzhigar og Oleksandra Patran.
        Ølen Sanitetslag
    
AnneTone Salte Andersen (leiar Ølen Sanitetslag), Olha Demenchuk, Viktoriia Dzhigar og Oleksandra Patran.
        Ølen Sanitetslag
     
 
Dette kan beredskapsvener hjelpe kvarandre med:
- Førstehjelp ved skadar
 - Omsorg og støtte
 - Opphald og overnatting ved evakuering frå eigen bustad
 - Omsetjing og forklaring av informasjon frå styresmaktene
 - Praktisk hjelp til bruk av utstyr og reiskap
 - Innkjøp, bering og transport
 - Byte eller bytelån av utstyr og varer
 - Lån av mobiltelefon som er kopla til eit anna nett enn ditt
 - Felles matlaging
 
        DSB
    Fakta om Egenberedskapsveka 2025
- Ei årleg kampanjeveke med informasjon og aktivitetar om eigenberedskap.
 - Målet er å auke kunnskapen og medvitet i befolkninga, slik at fleire gjer konkrete førebuingar for å klare seg sjølve i éi veke.
 - Veka er eit initiativ frå DSB, men kommunar, sivilforsvarsdistrikt og frivillige organisasjonar over heile landet gjennomfører aktivitetar og informasjonstiltak.
 - Årets tema er felles eigenberedskap – beredskapsven.
 - På dsb.no/egenberedskap finn du mange gode tips om korleis du kan styrkje eigenberedskapen din.