Slik markerer Vindafjord kommune gravferda til Kong Harald V

Onsdag 9. september blir Kong Harald V gravlagd. Mange ønskjer å markera dagen og følgja gravferda. 

Gravferdsdagen er ikkje ein offentleg fridag, og kommunale tenester, skular og barnehagar har difor ordinær drift.

Vindafjord kommune følgjer råda frå nasjonale styresmakter, samstundes som den enkelte eining vurderer korleis markeringa best kan gjennomførast lokalt.

Kong Harald - Klikk for stort bilete Foto: Kimm Saatvedt, Det kongelige hoff

Klokka 13.00 blir det eitt minutt stille 

Klokka 13.00 blir det eitt minutt stille som del av den nasjonale markeringa. Kommunale einingar blir oppmoda om å leggja til rette for deltaking der det er praktisk mogleg.

Skular og barnehagar

I skular og barnehagar skal dagen organiserast på ein måte som er tilpassa barna og elevane sin alder og føresetnader. 

Gode samtalar og refleksjonar kan vera ein naturleg del av dagen for barn og unge som har spørsmål eller ønskjer å snakka om det som skjer. 

Der det er naturleg, kan einingane leggja til rette for felles vising av gravferda på TV.

Kondolanseprotokoll

Innbyggjarar som ønskjer å skriva ei helsing eller leggja att ei kondolanse, kan gjera dette i kommunen si kondolanseprotokoll.

Kondolanseprotokollen vil  vera tilgjengeleg på rådhuset i ordinær opningstid fram til 9. september.

Vindafjord kommune vil flagge på halvstang fram til gravferda.

Du kan signera en elektronisk kondolanseprotokoll her:

Kondolanseprotokoll

Ordførar Ole Johan Vierdal signerte kondolanseprotokollen på rådhuset.  - Klikk for stort bileteOrdførar Ole Johan Vierdal signerte kondolanseprotokollen på rådhuset. Marianne Log Rødde