Kva treng eigentleg barnet mitt? Kvifor reagerer eg som eg gjer? Og korleis kan eg vera ein trygg leiar – også når det stormar?
Helsestasjonen og familieteamet i Etne Vindafjord inviterer denne våren til nytt foreldrekurs, eit tilbod som skal gi foreldre større tryggleik i kvardagen og betre forståing av både eigne og barnet sine reaksjonar.
Kurset startar 5. mars, blir halde i Ølen og er for dei med born i alderen 3-10 år.
Kurshaldarane er familierettleiar Elin Gravelsæter og helsesjukepleiar Synnøve Lovra Viskjer, som begge brenn for å støtte foreldre i dei store og små utfordringane som familielivet byr på.
– Kurset gir foreldre ein annan måte å sjå barnet på, men også seg sjølve. Det er eit kurs som kan gjera ein stor skilnad, seier Synnøve.
Bak kurset står familierettleiar Elin Gravelsæter og helsesjukepleiar Synnøve Lovra Viskjer.
Kristine Thorsen Eikeland
– Alle foreldre kan bryta mønster
Begge er tydelege på at kurset handlar om å bryta mønster og byggja gode relasjonar, ikkje om perfeksjon.
– Det handlar ikkje om å vera perfekte foreldre. Det handlar om å vera gode nok – og om å tørre å vera nysgjerrige, seier Elin.
– Og om å ta leiinga på ein trygg måte. Barn treng det, og dei kjenner det når me er trygge, legg Synnøve til.
Erfaring frå både barnehage og helsestasjon
Elin har jobba to år i familieteamet og mange år før det i barnehage.
Ho har halde COS‑P‑kurs to gongar tidlegare, og meiner at innhaldet traff henne som mor i like stor grad som som fagperson.
– Då me tok kursleiarkurset, oppdaga me kor mykje meir det var å utforska. Eg skulle ønskt eg hadde hatt dette kurset då mine eigne ungar var små.
Ho peikar på at kurset hjelper foreldra med å lesa signal, møta kjensler og bli meir merksame på eigne «triggerar», eller «haimusikken» som faget kallar det.
For Elin er mentalisering ein nøkkel.
– Kva får meg ut av balanse? Og kva treng barnet akkurat no?
MabelAmber, Pixabay
– Du treng ikkje streva for å ha nytte av kurset
Synnøve byrja i Vindafjord i mars 2025 etter fleire år i Etne. Ho seier at COS‑P ofte gir deltakarane mange aha‑opplevingar – også dei som i utgangspunktet ikkje kjenner på store utfordringar.
– Du treng ikkje ha barn som strevar eller store vanskar heime for å delta. Alle foreldre møter situasjonar der ein blir usikker. Det å få eit nytt blikk på barnet sitt, og treffa andre foreldre som kjenner på det same, gjer godt, seier ho.
Ifølgje Synnøve er det sosiale ein viktig del av kurset. Ho meiner fellesskapet i gruppa er ein viktig styrke.
– Det er godt å møta andre foreldre og kjenna at ein ikkje er åleine. Mange seier det er fint å høyra frå andre som står i dei same situasjonane, og at det gir tryggleik.
Ho opplever at deltakarane blir meir merksame etter kvart.
– Fleire fortel at dei går heim og «ser tryggleikssirkelen» for seg i kvardagen. Ein blir meir bevisst, både på barnet og seg sjølv. Det gjer noko med måten ein møter kvarandre på.
Gode refleksjonar – og mange aha‑opplevingar
Kurset går over åtte kveldar og byggjer kapittel for kapittel. Foreldra ser filmsnuttar, deler erfaringar og reflekterer saman. Alle kan velja kor mykje dei vil dele.
– Det handlar om tryggleik. Det er ei god blanding av fag og ekte kvardagsliv. Me deler noko frå eigen erfaring også – både frå jobb og privat – og det gjer at samtalane blir opne og ekte, framhevar Elin.
Kurshaldarane opplever ofte at foreldre får viktige innsikter undervegs.
– Me viser filmar av andre foreldre og barn, og brukar dei som utgangspunkt for refleksjonar.
– Mange seier: «Dette har eg ikkje tenkt over før.» Det å sjå seg sjølv utanfrå og barnet innanfrå – det gjer noko, påpeikar Synnøve.
Nokre gir utttrykk for at dei ønskjer å komma tilbake når barna blir eldre og utfordringane endrar seg.
– Det seier litt om at dette faktisk gir foreldre noko dei tek med seg vidare. Det er veldig kjekt å få vera med på.
Påmeldinga er open
Kurset startar torsdag 5. mars klokka 17.00, og held fram kvar torsdag fram til slutten av april, med pause i påskeveka. Det blir servert kaffi, te og frukt, og siste samling blir runda av med kake og oppsummering.
–Me gler oss til å møte vårens gruppe, fortel dei to.
Tidspunkt og påmelding
Kurs på kveldstid, 17.00 - 19.00
Kurshaldararar er:
• Familierettleiar Elin Gravelsæter
• Helsesjukepleiar Synnøve Lovra Viskjer
Påmelding eller spørsmål til kurset kan sendast til Synnøve Lovra Viskjer
Kurset går over 8 gonger, torsdagar kl. 17.00 - 19.00:
- Torsdag 5. mars
- Torsdag 12. mars
- Torsdag 19. mars
- Torsdag 26. mars
- Torsdag 09.april
- Torsdag 16.april
- Torsdag 23.april
- Torsdag 30.april