Lærarar og tilsette står klare til å møte elevane med varme og engasjement, og gler seg til å sjå alle.
Assistent og SFO-koordinator Inger Marie Bjerga og einingsleiar Hilde Bjelland Abelseth ved Vik oppvekstsenter står klare med smil og opne armar.
– Me gler oss til å treffa alle saman og ønskjer velkommen til skulestart og eit nytt, spanande skuleår på Vik oppvekstsenter, fortel Hilde.
Assistent og SFO-koordinator Inger Marie Bjerga og einingsleiar Hilde Bjelland Abelseth ved Vik oppvekstsenter står klare.
Vik Oppvekstsenter
– Ta med sekk, matpakke og drikkeflaske – me ser fram til å starte det nye skuleåret saman med dykk, påpeikar Nina Iren Husvåg, rektor ved Skjold skule.
– Velkommen til skulestart på Vikedal skule! Me gler oss til å ta i mot nye og gamle elevar, seier Merete Djuve, einingsleiar ved Vikedal skule.
– Me på Ølen skule er klar for å ta i mot alle dei kjekke elevane våre. Vel møtt alle saman!, legg einingsleiar Gro Anett Espevoll til.
– Sandeid skule er 50 år i 2025, så me går inn i eit jubileumsår ved skulestart 14. august. I år ynskjer me 16 nye førsteklassingar spesielt velkomen til Sandeid. Sjølvsagt gler me oss til å treffe igjen alle 95 elevane som også gjekk her førre året. Det blir kjekt, seier einingsleiar Inger Kathrine Sundve med eit smil.
Lukke til med første skuledag!