I opningstalen sette einingsleiar Vibecke Gundersen ord på kva jubileet handlar om.
– I dag markerer me ikkje berre eit tal – me feirar 30 år med leik, læring, vennskap og utvikling.
Har vore ei stor utvikling
Skjold barnehage vart bygd som ein treavdelings barnehage i 1996. Sidan den gong har verksemda vakse mykje. I dag har barnehagen åtte avdelingar og rundt 120 barn.
– Frå ein god start har barnehagen utvikla seg til det me ser i dag – ein viktig møtestad for heile lokalmiljøet, med åtte avdelingar og rundt 120 barn, sa Gundersen.
Skjold barnehage
Viktig innsats
Ho peika også på at veksten seier noko om kor viktig tilbodet er i bygda.
– Det seier mykje om behovet for barnehagen i Skjold.
Samtidig trekte ho fram innsatsen til dei tilsette.
– Barnehagen hadde heller ikkje vore så stor viss ikkje dei som jobbar her, set krav om høg kvalitet på det arbeidet som blir gjort. Så dei fortener eigentleg ein god applaus.
– Takk til barna!
Under jubileumsmarkeringa var det sirkusframsyning med ulike innslag frå barna. Mange føresette møtte fram for å sjå programmet.
Vibecke nytta også høvet til å takka barna.
– Og ikkje minst – takk til barna! Det er de som fyller barnehagen med liv, latter og glede. De er grunnen til at dette er ein heilt spesiell plass.
Ho skryt av framføringa:
– Dagen blei veldig fin og vellukka. Det var mykje spenning, både blant ungane og oss vaksne, men dei gjennomførte på ein imponerande måte. Det blei ei minnerik feiring.
Gler seg til framtida
Jubileet vart også brukt til å sjå framover.
– Når me no ser tilbake på 30 år med historie, kan me samtidig gle oss over framtida. Skjold barnehage står sterkt, og vil halda fram med å vera ein trygg og inspirerande stad for nye generasjonar, framheva Vibecke Gundersen.