Skal du ut og reisa i sommar?

Hugs å sjekka om du treng vaksiner – og ikkje gløym myggsprayen!

Vaksinekontoret i Vindafjord tilbyr:

  • Reisemedisinsk rådgiving
  • Vaksiner tilpassa reisemål
  • Påfyll av Boostrix-polio kvart 10. år
  • Yrkesvaksinering og influensavaksine
  • Vaksiner mot gulfeber, hepatitt, dengue, rabies m.m.
Kvinne på flyplass med koffert - Klikk for stort bilete Pixabay

Ved konsultasjonen får du også råd om korleis du kan førebygga sjukdom – og kva du bør gjera dersom du blir sjuk i utlandet.

Adresse: Rådhusplassen 32, bak Ølen omsorgssenter (gamle legevakta)
Telefon: 91 30 38 42 (telefontid måndag til torsdag kl. 09.00–12.00)
E-post: vaksinekontor@vindafjord.kommune.no

Merk: Nokre vaksiner treng fleire dosar, så ta kontakt i god tid før avreise.

Du kan òg lasta ned appen Reiseklar frå Utenriksdepartementet for reiseråd og registrering.

Les meir og bestill time:

God sommar og god tur!

Globus og myggspray - Klikk for stort bilete Illustrasjon