Sjøørretkartlegging i Isvikbekken i Skjold

Sjøaureprosjektet i Tysvær (Tysvær kommune, Haugaland vassområde og Tysvær Jeger- og Fiskerforening), skal i løpet av kort tid gå i gong med ein ny runde med sjøaurekartlegging i utvalgte vassdrag i Tysvær, Vindafjord og Bokn.

Jarle Lunde

Informasjon frå sjøaureprosjektet i Tysvær

Auka kunnskap om vanskelegare kår og negativ bestandsutvikling for sjøauren i regionen dei siste tiåra, har medført at nærare 70 vassdrag på heile Haugalandet har blitt kartlagt. I kartleggingane vurderer ein kvaliteten på leveområda til sjøauren, og foreslår mogelege tiltak for å betra ungfiskproduksjonen.

Dette har ført til at ein i flere vassdrag dei siste åra, også i Vindafjord, har gjennomført tiltak for å styrka sjøaurebestanden.

Isvikbekken

Isvikbekken er eitt av flere vassdrag i kommunen der ein fortsatt ikkje har nok kunnskap om mogelege flaskehalsar for laks og sjøaure. Derfor ønsker ein nå å få eit bedre kunnskapsgrunnlag.

Tidspunkt for når Isvikbekken skal kartleggast er ikke sett, men sjølve kartlegginga i Tysvær, Vindafjord og Bokn vil starta i august og pågå utover hausten. Vindafjord kommune vil derfor opplysa om at konsulentar i samband med dette vil gå i og langs Isvikbekken. Konsulentane er svært interesserte i lokalkunnskap knytt til sjølve vassdraga og områda rundt.

Kontaktinfo

Har du kunnskap og/eller har lyst å vera med konsulentane i felt i Isvikbekken, kontakt vassområdekoordinator Sven-Kato Ege på telefon 47 67 57 39 eller e-post sven-kato.ege@haugesund.kommune.no