Vikse kjem frå stillinga som biblioteksjef ved Haugesund folkebibliotek og tiltrer 1. mars 2027.
Haugalandmuseet er regionmuseum for Nord-Rogaland og eig og driv sju museum, mellom anna Vindafjordmuseet.
Museet arbeider med bevaring og formidling av kunst- og kulturhistorie og er eigd av kommunane Vindafjord, Haugesund, Tysvær, Bokn og Utsira.
– Me er svært glade for at Siri O. Vikse har takka ja til stillinga. Ho har solid leiarerfaring, dokumenterte resultat og eit sterkt engasjement for kultur, kunnskapsformidling og samfunnsutvikling. Styret meiner ho har den rette bakgrunnen og dei personlege eigenskapane til å leia Haugalandmuseet vidare, seier styreleiar John Malvin Økland.
Haugalandsmuseet
Brei erfaring og gode resultat
Vikse har vore biblioteksjef i Haugesund sidan 2021, med ansvar for strategi, økonomi, personal, drift og tenesteutvikling. Under hennar leiing har Haugesund folkebibliotek hatt ein vesentleg vekst i besøk og aktivitet. Frå 2021 til 2025 auka det årlege besøkstalet med 79 prosent, medan utlånet auka med 43 prosent.
Ho har også brei erfaring med strategiarbeid, organisasjonsutvikling, publikumsutvikling, prosjektleiing og ekstern finansiering. Vikse har tidlegare arbeidd med kulturarv og privatarkiv, mellom anna som prosjektleiar for arbeidet med reiarlagsarkiva i Haugesund. Ho har bachelorgradar i bibliotek- og informasjonsvitskap og sosialantropologi, i tillegg til studium i kulturvitskap og erfaringsbasert leiing.
Spennande utviklingsperiode
– Haugalandmuseet står framfor ein spennande og viktig utviklingsperiode. Me skal ta vare på sterke fagmiljø og omfattande kunst- og kulturhistoriske samlingar, samtidig som museet skal nå eit større publikum, styrkja finansieringsgrunnlaget og driva fram arbeidet med eit nytt maritimt museum i Haugesund. Siri har vist at ho kan kombinera strategisk retning med konkret gjennomføring, seier Økland.
Siri O. Vikse ser fram til å ta fatt på oppgåva:
– Haugalandmuseet forvaltar ein viktig del av historia og identiteten til regionen. Eg gler meg til å bli kjend med medarbeidarane og organisasjonen, og til å vidareutvikla museet saman med styret, eigarkommunane og dei mange samarbeidspartnarane til museet. Dette er ei stor og inspirerande oppgåve som eg går til med både audmjukskap og entusiasme, seier Vikse.
Vikse tek over etter Mads Ramstad, som har leia Haugalandmuseet sidan 2004. Det blir lagt opp til ein planlagd overgang som skal sikra god kontinuitet i arbeidet til museet.
Vindafjordmuseet