Sinnemeistring – eit tilbod som kan endre livet ditt

Går sinnet ditt ut over dei du er glad i? Du er ikkje åleine – og det finst hjelp. No kan du melde deg på sinnemeistringskurs i Vindafjord.

Kristine Thorsen Eikeland

Liv Jorunn Rygg og Malin Engelsen Kaldheim jobbar i familieteamet i Vindafjord Kommune. 

Nyleg vart dei sertifiserte i Brøset-modellen, og dei er no i gang med å setja opp sinnemeistringskurs for folk i Vindafjord. 

Dei gler seg til oppstart av nye grupper og fortel at arbeidet er både nyttig og givande. 

Gjennom sertifiseringa har dei fått verdifull kompetanse og verktøy for å hjelpe deltakarane. 

- Det er inspirerande å sjå korleis kurset kan bidra til positiv endring hjå andre, seier Malin Engelsen Kaldheim.

Ein treng ikkje tilvising for å delta, og dei som ønskjer kan melde seg på direkte.

«Bestefar var sint, pappa var sint. Men det stoppar med meg!»
– tidlegare deltakar

Handler om å bryte negative mønster

Sinnemeistring handlar ikkje om å bli ein annan person, men om å ta kontroll over eigne reaksjonar og bryte negative mønster. 

Mange kjenner på skam når sinnet blir for sterkt, men å søke hjelp er eit teikn på styrke, ikkje svakheit.
- Det er modig å ta grep før sinnet øydelegg relasjonane dine seier Liv Jorunn Rygg. 

Kurset er for deg som ønskjer å handtere sinne på ein betre måte og ta vare på gode relasjonar.

Har langvarig effekt

Brøsetmodellen er utvikla ved St. Olavs hospital i Trondheim og blir brukt over heile landet. Metoden er godt dokumentert og gir langvarig effekt. 

Mange deltakarar opplev store endringar - både i korleis dei handterer sinne og i relasjonane sine. 

- Me ønskjer at dei som deltek skal sitta igjen med ein meistringsfølelse og gode verktøy. Tilbakemeldingane er at ein får fleire aha-opplevingar undervegs, fortel Liv Jorunn. 

Ho legg til:

- Sinne er ei viktig kjensle - det kan vere eit sunt signal og eit vern. Det handlar om korleis ein kan bli meir bevisst på eigne mønstre, og få gode strategiar til å takle kjensler. 

Ei trygg sone

- Det er aldri for seint til å få til endring. Berre det å erkjenna at ein strevar og melda seg på eit slik kurs - det er eit viktig steg i rett retning. Allereie då har ein kome langt, påpeiker dei engasjerte kurshaldarane. 

Kurset skjer i ei trygg sone med klare gruppereglar. Terapautane og deltakarane har taushetsplikt. 

Korleis fungerar kurset?

  • Gruppekurs over 15 veker, 2 timar per gong. 
  • Moglegheit for individuelle samtalar ved behov.
  • Tilbod for kvinner og menn over 18 år, samt eigne modular for ungdom (15–18 år).
  • Du får ei arbeidsbok med verktøy som du kan bruke både i kurset og heime.
  • Pårørande kan få informasjon og involvering undervegs, om det er ønskeleg. 

Vil du melde deg på?

Kontakt terapeutane/familieteamet direkte for meir informasjon eller påmelding:

Det er kjekt at me kan tilby dette lokalt – tidlegare måtte ein reise til Stord for same tilbod. 

Sjå informasjonsfilm om kurset her og ta det første steget mot ein betre kvardag.