Vera og Constance
Vera Gjerde
Sildikon Valley er eit sommarprosjekt i regi av Haugaland Vekst, der studentar får arbeida med reelle utfordringar i bedrifter på Haugalandet. I staden for å vikariere i tradisjonelle stillingar, får deltakarane frie tøyler til å bruka kreativiteten og kompetansen sin på nye måtar.
Drøymejobben
– Me har fått den kjekkaste sommarjobben, smiler Constance, og Vera nikkar samtykkande. Dei visste om kvarandre frå før, men hadde aldri jobba saman. No utgjer dei eit kreativt og målretta team med eitt klart mål: Å visa kor attraktiv kommune me har, og få folk til å flytta heim.
Gjennom seks veker skal dei samarbeida om å gjera kommunen endå meir synleg og tiltrekkande for framtidige arbeidstakarar, med spesielt fokus på yngre målgrupper. Prosjektet deira består både av ei skriftleg kartlegging av kommunen si rekrutteringsprofil og produksjon av visuelt innhald – videoar, bilete og idear til nye konsept for sosiale media.
– Eg synest det mest spennande er den frie, kreative delen, seier Constance. – Me får tenka nytt, leika oss litt med idear, og laga noko som faktisk kan bli brukt i kommunen sitt arbeid.
Vera trekk fram det å få jobba med noko heilt nytt som spesielt motiverande:
– Det er veldig kult å få moglegheit til å påverka og laga noko som kan ha verdi på ordentleg.
Eit prosjekt med langsiktig mål
Eit viktig mål med Sildikon Valley i Vindafjord kommune er å knyta band mellom unge og heimkommunen – og å visa at det faktisk finst spanande og relevante jobbmoglegheiter her. For både Vera og Constance har det vore ei augeopnar.
– Det er så mykje meir næringsliv her enn mange trur, seier Constance. – Me må bli flinkare til å syna fram alt det som skjer i kommunen – det er faktisk jobbar her for nesten kva som helst du har utdanning innan.
– Eg saknar fjella og roa når eg bur i byen, seier Vera. – Viss det finst jobbmoglegheiter her, så er det jo ingenting som er betre enn å kunne flytta heim igjen.
Begge peikar på at det er viktig å visa fram kommunen på ein autentisk måte – med ekte menneske og ekte historier. Nettopp det håpar dei at prosjektet deira skal bidra til.
Ein sommarjobb utenom det vanlege
Som deltakarar i Sildikon Valley får dei ikkje berre arbeida kreativt og utviklande – dei får også vera del av eit større fagleg og sosialt fellesskap med andre studentar frå heile regionen. Gjennom samlingar, faglege påfyll og samarbeid på tvers, får dei bygga nettverk og erfaring som kan bli verdifull langt inn i arbeidslivet.
– Dette er drøymejobben for oss, seier dei samstemt. – Me får brukt evnene våre, gjort noko meiningsfullt, og samtidig vist fram ein kommune me begge bryr oss om.