Seniordag - Meir liv i åra

Eldrebølgja? I Vindafjord møter me ho med kunnskap, fellesskap og bevegelsesglede.

 

Tysdag samla om lag 140 pensjonistar seg til den første seniordagen, arrangert av Fysio- og ergoterapiavdelinga, Pensjonistforbundet Vindafjord og Skjold pensjonistforeining. Oppmøtet viser eit stort engasjement for ei aktiv, trygg og meiningsfull framtid.

Deltakarane fekk informasjon om helsetenestene i kommunen og konkrete råd om korleis ein kan førebu seg på alderdommen – både ved å ta vare på kroppen og tilpasse bustaden til framtidige behov.

Bodskapen gjennom dagen var tydeleg: Fysisk aktivitet er viktig for å førebyggje plager, meistre kvardagen og leve gode liv. Det er aldri for seint å starte med gode vanar, og litt aktivitet er alltid betre enn ingenting.

Takk til alle som bidrog til ein vellukka dag, og ei særleg takk til dei 140 som møtte opp og viste at dei tek eigne seniorår på alvor.

Målet er ikkje berre å leggje fleire år til livet – men å leggje meir liv i åra.