Send inn julegåveønsker – Julegåvetre for familiar i Vindafjord og Etne

I desember blir det igjen sett opp julegåvetre på Etne senter, Ølen senter og Ølen torg. Dette er eit samarbeid mellom privatpersonar, kjøpesentera og NAV Vindafjord-Etne, og er eit tilbod til familiar i Vindafjord og Etne som har det trongt økonomisk.

Har du det tøft økonomisk og gruar deg til jul? Då kan du sende inn julegåveønsker for barn og unge i familien via eit digitalt skjema på kommunen si heimeside. Det er låg terskel for å delta, og det blir ikkje gjort økonomisk vurdering.

Pexels, pixabay


Frist for innsending av ønsker: 22. november 2025

Du treng kun oppgi:
•    Telefonnummer
•    Kjønn og alder på barnet
•    Gåveønske

Søk her:  Skjema - Julegåvetreaksjonen

Ønska blir formidla anonymt til arrangørane og hengt opp på trea i form av hjarte med alder og kjønn. 

Dei som vil bidra med gåver kan plukke eit hjarte og kjøpe gåva. Gåvene blir samla inn og delt ut før jul.

Treng du hjelp med skjemaet?
Ring: 909 63 427 / 412 87 722
Eller kontakt rettleiar/kontaktperson i kommunen.