Samde om å innstilla Eide som konstituert kommunedirektør
Alle gruppeleiarane i Vindafjord er samde om å innstilla Nils Erik Eide som konstituert kommunedirektør.
For å sikra kontinuitet i administrasjonen ønskjer politisk leiing å konstituera Nils Erik Eide fram til ny kommunedirektør er på plass.
Saka blir handsama i kommunestyret 3. mars, og med den samla politiske støtta ligg det an til at han blir konstituert.
Eide har hatt stillinga som kommunalsjef for oppvekst i Vindafjord sidan 2017, og er ein del av kommunedirektøren si strategiske leiargruppe. Tidlegare hadde han same rolla i Suldal kommune i tre og eit halvt år.
Kommunedirektør Yngve Folven Bergesen går av, og kommunen er i gang med rekrutteringa av ny kommunedirektør.
Søknadsfristen er 18. februar.
Nils Erik Eide er innstilt som konstituert kommunedirektør. Saka blir handsama i kommunestyret 3. mars.
Kristine Thorsen Eikeland
Sist endra 13.02.2026 13.46