Saman styrkjer me leiarane i Vindafjord
I går markerte me den siste samlinga for denne gong i leiarutviklingsprogrammet Vindafjordleiaren for avdelingsleiarane i kommunen. Gjennom dei siste ni månadane har 38 leiarar vore med på ei utviklingsreise som har bestått av fem felles samlingar, i tillegg til individuelle rettleiingssamtalar i regi av Human.

Vindafjordleiaren er kjenneteikna ved å vere ein modig, løysingsorientert og trygg lagspelar, og programmet har hatt som mål å styrkje både den enkelte leiaren og ein felles leiarkultur i kommunen.
Gjennom samlingane har deltakarane arbeidd med tema som:
- Leiing og leiarrolla
- Psykologisk tryggleik og leiing av team og grupper
- Motivasjon og sjølvleiing
- Stressåtferd, konflikthandtering og den vanskelege samtalen
- Endringsleiing og strategi
Programmet har gitt fagleg påfyll, refleksjon og erfaringsdeling på tvers av tenesteområda. Sjølv om denne programrunden no er avslutta, er arbeidet med å utvikle leiarane våre på ingen måte over. Vindafjord kommune skal også framover investere i leiarutvikling og byggje vidare på kompetansen, relasjonane og erfaringane som er etablerte gjennom Vindafjordleiaren.
Takk til alle deltakarane for engasjement, openheit og innsats gjennom heile programmet. Me ser fram til å ta med oss læringa vidare i arbeidet med å vere modige, løysingsorienterte og trygge lagspelarar til beste for innbyggjarane og kommunen vår.
Sist endra 18.09.2026 08.41