Saman om språk, tekst og leseglede

No startar ei viktig og spanande satsing på språk, tekst og lesing!

Saman med Høgskulen på Vestlandet skal Nausthaugen barnehage, Vats skule, Vik oppvekstsenter, Skjold barnehage og Skjold skule dei neste tre åra arbeide målretta for å styrkje språk- og leseutviklinga til barna og elevane våre.

På kick-off-samlinga i går delte engasjerte føredragshaldarar frå HVL kunnskap, idear og inspirasjon til leseglede – både for tilsette og føresette. Biblioteket var òg på plass med informasjon om kjekke arrangement og gode lesetips. Kvelden vart avslutta med eit stemningsfullt musikalsk innslag frå Andrè Nesheim.

Takk til alle som tok seg tid til å vere med! Når me samarbeider, kan me skape leselyst, meistring og eit godt grunnlag for framtida.