Samlinga var ei fagleg oppfølging av minisamlinga hausten 2023, og tok for seg dei nye krava i opplæringslova om samarbeid mellom kommune, fylkeskommune og privatskular i overgangen frå grunnskule til vidaregåande opplæring.
Brei deltaking og felles ansvar
Fagsamlinga fann stad på Ølen vidaregåande skule, og samla deltakarar frå Vindafjord kommune og Etne kommune, Ølen vidaregåande skule og Lundeneset vidaregåande skule. Totalt deltok om lag 24 personar.
Målet var å styrkje samarbeidet rundt elevane – og å sjå nærare på korleis dei etablerte overgangsrutinane fungerer i praksis.
Nils Erik Eide
Evaluering av overgangsrutinar
Ein viktig del av samlinga var gruppearbeid knytt til eksisterande overgangsdokument. Deltakarane evaluerte:
- Årshjul for overgang frå grunnskule til vidaregåande
- Mal for vedlegg til meldeskjema
Her kom det fram både kva som fungerer godt i dag, og kva som kan forbetrast eller vidareutviklast.
Alle innspel blei samla inn og tekne med i det vidare arbeidet.
Nils Erik Eide
Nytt overgangstilbod ved Ølen vidaregåande
Ølen vidaregåande skule presenterte òg eit nytt overgangstilbod for elevar som har behov for ei meir tilpassa overgang til vidaregåande opplæring.
Grunnskulane drøfta i grupper:
- Kva type elevar tilbodet kan passe for
- Kva behov desse elevane kan ha
- Moglege utfordringar og praktisk organisering
Innspela blei oppsummerte og overleverte til Ølen vidaregåande skule som grunnlag for vidare planlegging.
Nils Erik Eide
Ein trygg og god start
I tillegg fekk deltakarane informasjon frå Ølen vidaregåande skule om fleire tema som er sentrale i overgangen til vidaregåande, mellom anna:
- Søkjeprosessen og moglege fallgruver
- Nye reglar for fritak frå vurdering med karakter etter ny opplæringslov
- PC- og Mac-ordningar
- Andre spørsmål som skulane hadde meldt inn på førehand
- Felles innsats for elevane
Blant deltakarane var rektorar og rådgjevarar frå ungdomsskulane i Vindafjord og Etne, leiing og rådgjevarar frå dei vidaregåande skulane, samt skuleeigar frå begge kommunane.
Samlinga synte kor viktig det er med tett samarbeid og felles forståing for å gi elevane ein trygg og god start i vidaregåande opplæring.