Saman for menneske på flukt - TV aksjonen 2026

Oktober er rett rundt hjørnet, og førebuingane til årets TV-aksjon er godt i gang. No kan du melde deg som bøsseberar og gjere ein stor forskjell.

Søndag 18. oktober går årets TV-aksjon av stabelen, og i Vindafjord er me klare til å bidra! 

I år går innsamlinga til NRC Flyktninghjelpen, ein av dei største humanitære organisasjonane i Noreg. Dei arbeider i dei mest alvorlege krisene i verda. Målet i år er å hjelpe over 400 000 menneske på flukt med ein trygg heim og håp for framtida.

Ein heim er meir enn fire veggar og eit tak. Når familiar får ein stad å bu, blir det lettare å skaffa arbeid, senda barna på skulen og skapa ein meir stabil kvardag. Ein heim gir livsviktig beskyttelse, tryggleik og tilhøyrsle.

Over 120 millionar menneske er i dag på flukt frå krig, konflikt og forfølging – det er dobbelt så mange som for ti år sidan. Mange har mista både heimen, nærmiljøet og trua på framtida.

Pengane frå TV-aksjonen 2026 skal bidra til tryggare og betre buforhold for menneske på flukt i Syria, Gaza, Afghanistan, Tsjad, Sudan og DR Kongo.

Men for at dette skal bli ein suksess, treng me deg!

Vil du bli bøsseberar?  

Å vera bøsseberar er ein enkel og viktig måte å bidra på – og ei fin anledning til å gjera noko meiningsfullt saman med familie, vener eller naboar. Du kan melda deg som bøsseberar på tvaksjonen.no, og vera med på å gjera ein forskjell for menneske som treng det aller mest. 

I over 50 år har TV-aksjonen løfta fram ei rekkje viktige saker – frå helse og utdanning til miljø, menneskerettar og humanitær hjelp. I år er det menneske på flukt som står i sentrum, gjennom arbeidet til NRC Flyktninghjelpa.

Dato: Søndag 18. oktober
Korleis melda seg: Gå inn på tvaksjonen.no

Andre måtar å gi:

  • Vipps: 2133
  • SMS: Send TVA til 2133
  • Bank: 8380 08 09000

Saman gjer me verda litt betre – ei bøsse om gongen 💚

Midlane går mellom anna til:

  • telt og andre nødbustader
  • mellombelse og permanente heimar
  • vass- og sanitærprosjekt
  • juridisk hjelp for å sikra bustad- og eigedomsrettar

Vindafjord kommune oppmodar innbyggjarar, lag, organisasjonar, skular og arbeidsplassar til å engasjera seg. Saman kan me gje fleire menneske på flukt det dei treng aller mest: ein trygg heim og håp om ei betre framtid.

Vindafjord Kommune