Ringerunde for TV aksjonen

Tysdag denne veka var det ringedugnad for TV aksjonen “La barn leve i Fred”. Ordførar Ole Johan Vierdal hadde med seg varaordførar Gustav Løge Fosse og representantar frå Fikse næringsforening og Medvind24.

Lengst bak frå venstre Gustav Løge Fosse, Nils Einar Steinstø, Mona Kristin Haraldseid, Hilde Hellenes, Kari Aakra og Ole Johan Vierdal. Nils Erik Eide

- Det kom inn 125.000 kroner på ringedugnaden pluss 25.000 kroner frå Vindafjord kommune. Det er framleis ikkje alle som har gitt tilbakemelding på kva dei vil gje, opplyser Hilde Hellenes, leiar for kommunikasjon og service. Ho hadde med seg Mona Kristin Haraldseid frå sin stab på ringedugnaden.

Frå Fikse næringsforening stilte Nils Einar Steinstø og Kari Aakra frå Medvind24.