Pris- og stipendvinnar for 2026

I år er det Utval for oppvekst og omsorg (OPOM) som tildeler pris og stipend. Årets vinnarar av Omsorgs- og inkluderingspris og Kulturstipend er:

Omsorgs- og inkluderingspris:

Sandeid Ungdomslag – Har gjennom mange år og med ulike aktivitetar vore ein viktig bidragsytar til fellesskap, trivsel og inkludering. Teaterproduksjonane til Sandeid Ungdomslag samlar barn, ungdom og vaksne både på scena og bak kulissane.

Kulturstipend:

Tiril Våg Skjold – Satsar på sandvolleyball og har representert Norge i fleire internasjonale turneringar, samt EM-kvalifisering i sommar. 

Gratulera til vinnarane! Desse vil bli heidra og få utdelt prisen på Nyttårsmottakinga 10.januar i 2027. Dette arrangementet er gratis og alle er velkomne. Her kan du sjå kva som skjedde på fjorårets arrangement: Ein festkveld for kultur, fellesskap og engasjement - Vindafjord kommune

Til neste år kan du sende inn forslag til aktuelle kandidatar til Omsorgs- og inkluderingspris, kulturstipend, kulturpris, næringspris og byggeskikkpris. Nomineringa opnar opp 1.mars og stengjer igjen 1.juni. Meir informasjon om prisane finn du her: Tilskot, prisar, stipend - Vindafjord kommune