Prioriteringsliste for uteområde i oppvekst

Barnehagar og skular har 500.000 kr årleg til uteområda, tidlegare i år bevilga kommunestyre ein eingongssum på 1,5 millionar som skal supplere den årlege summen. No er ny prioriteringsliste klar.

Ei gruppe beståande av representantar frå kommunalteknisk og oppvekst har vore på ein runde på alle barnehagane og skulane i kommunen. Dei har etter det jobba med ei prioriteringsliste for uteområda rundt i kommunen. 

Einingsleiar for kommunaltekniske tenester Berit Fyljesvoll Haugsland, som har leia prosessen, seier at det har vore ein omfattande jobb, det er mange som ønskjer at det skal oppgraderast, både barn, elevar, tilsette og føresette. - Me kan ikkje imøtekoma alle desse ønskjene over natta for alle, men me har gjort ein grundig vurdering, både på det som er akutt og etter når dei fekk midlar sist. 

Einingsleiar kommunaltekniske tenester Berit Fyljesvoll Haugsland Ellen Marie Hagevik

Målet med denne prioriteringslista er at ein då får oversikt over når den enkelte eining får oppgradering for dei midlane som er tilgjengeleg til ei kvar tid. - Det er klart at dei tilleggsmidlane som kommunestyret vedtok har kome godt med for å imøtekoma ein del akutte saker, samt imøtekome dei som har venta lenge for å få oppgradering, seier Haugsland.

No er altså lista klar og den kan du lesa her: 

Løyvingar uteområde oppvekst 2024 (PDF, 460 kB)

Kortversjon løyvingar oppvekst 2024 (PDF, 212 kB)