Pressemelding frå Haugaland Brann og Redning IKS

Snøen lavar ned på Haugalandet og me vil minna om kor viktig det er med frie rømmingsvegar der snø i kombinasjon med brøyting eller vindfokk fort kan skapa hindringar. Dette er kvar einskilt sitt ansvar og det er eit fint høve til litt trim i heimen eller på arbeidsplassen.

Pixabay - Trang Pham

At det kjem snø om vinteren er ikkje overraskande, men likevel er det i dag litt meir enn det me er vane med her på Haugalandet.

  • For andre delar av landet er det ei rutine å halde rømmingsvegane fri for snø i vinterhalvåret, men her på Haugalandet kan det vera på sin plass å minne om dette i desse dagar, seier branningeniør Audun Matre. 

For bustadar er som regel hovuddøra noko me har kontroll over, men det skal og vera ein alternativ veg ut av huset der dette kan vera dør nummer 2 eller eit vindauge. Det er gjerne her me finn utfordringane. Dette kan vera ein veranda, eit kjellarvindauge nært bakkeplan med meir.

Det vil og vera klokt å fjerne snøen i dag då det er venta nedbør om nokre dagar, og då vil snøen vera vesentleg tyngre å fjerna. Å vente til snøen er borte av naturlege årsaker kan vera ein plan, men husk då at ein brann ikkje tenker og kan oppstå når som helst. 

  • Til sist, tenk på at brannvesenet må komme fram. Sørg for ei brøyting som ikkje skapar for smal passasje mellom bilar og i ei allereie smal gate, seier Audun Matre.

 

Kontakt:       

Audun Matre, branningeniør

Audun.matre@hbre.no

90775428