Pressemelding: Dommersnes byggjesak

I sak om byggjeløyve for den såkalla «fase 1» av utviklinga av Dommersnes Industriområde har Vindafjord Kommune nå endra tidlegare gjeve byggjeløyve, og fatta vedtak om eit nytt byggjeløyve som inneheld nye vilkår for gjennomføringa av tiltaket.

Økland Foto

Dommersnes AS/Windafjord Port fekk 15.11.2023 byggjeløyve for gjennomføring av fase 1 av ei trinnvis utbygging av industriområdet på Dommersnes. Denne delen av utbygginga omhandla utsprenging av eit samla område på 54  dekar innanfor det tidlegare nytta området på Dommersnes. Vedtaket om byggjeløyve vart påklaga av mellom anna Statsforvaltaren og av gruppa «Bevar Ålfjordens perle». 

Vindafjord Kommune har på bakgrunn av klageprosessen valt å endre det tidlegare gjevne byggjeløyvet, og fatta eit nytt vedtak om byggeløyve der det er sett vilkår til gjennomføringa av tiltaket. Desse vilkåra er:

  • Terreng og skjeringar mot nord, sør og aust skal bevarast. Dette for å skapa ein barriere, som sikrar at potensiell avrenning blir leia mot vest, då dei mest sårbare naturverdiane ligg mot nord. 
  • Det skal opprettast mellombelse vollar i anleggsperioden for å skjerma utsette område mot m.a.  støv.
  • Det skal nyttast støvavsug og/eller påsprøyting av vatn for å binda støv og redusera ukontrollert støvspreiing mot nord. 
  • Anleggsarbeidet skal ikkje utførast i gyteperioden for torsk (1. februar –1. mai). 
  • Det skal utførast overvaking av tiltaket, for å avdekka uønskt spreiing av partiklar eller avfall til sjø. 

- Det skal utførast regelmessig visuell overvaking av heile kystlinja langs heile tiltaksområdet. Dette skal dokumenterast med bilete og dato. Visuell overvaking skal utførast gjennomheile anleggsperioden. 

- Det skal utførast kontinuerlege online-målingar av turbiditet i dei mest sårbare områdagjennom heile anleggsperioden. Turbiditetsmålingane skal sjekkast opp mot referanseverdi, anten frå måling før tiltaket startar (tek ikkje høgde for sesongvariasjonar) eller referansepunkt lenger bortafor anleggsområdet.

  • Om overvaking av tiltaket viser at avbøtande tiltak ikkje er tilstrekkelege, skal ytterlegere tiltak iverksetjast etter behov:

- Siltgardin i sjø, som beskyttar viktige naturtypar i nord.

- Tersklar og fangdammar på land, som filtrer vatnet og leier det bort frå sårbarenaturverdiar i nord.

Ei utvikling av industriområdet på Dommersnes har vore etterspurt i mange år. Ei utbygging av dette området i fase 1 vil gje kommunen eit godt næringsområde til sjø, med tilhøyrande djupvasskai, seier kommunalsjef Samfunnsutvikling Halfdan Krohn Brekke. Det aktuelle området har tidlegare vore nytta til industri, og slik sett inneber fase 1  ikkje ny nedbygging av natur og det beslaglegg ikkje matjord. Behov for nye areal til industri og kraftproduksjon legger stor press på både naturverdiar og matjord i heile Noreg. At ny industri etablerer seg på allereie nedbygde områder er eit gode både for å bevare matjord og natur – Dommersnes fase 1 er eit slikt prosjekt. 

- For kommuneadministrasjonen er det viktig å ha eit klart skilje mellom dette byggjeløyvet på «fase 1», og den vidare utviklinga av området, der planprogrammet for ein ny reguleringsplan, som inneheld krav til kartlegging av påverknad både på natur, miljø og samfunn, vart vedteke i Formannskapet 12. mars, fortsett kommunalsjef Krohn Brekke.

- Vi opplever og at mange av motsegnene naboar og «Bevar Ålfjordens perle» har i stor grad knyt seg til den vidare utviklinga av området i «fase 2» og «fase 3», og etter vårt syn bør dette vedtaket sjåast separat, seier Krohn Brekke. 

Kommunalsjef samfunnsutvikling Halfdan Krohn-Brekke Vindafjord Kommune