Politikarar og næringsliv i Vindafjord samla inn over 286 000 kroner til årets NRK TV-aksjon
Tysdag 13. oktober mobiliserte Vindafjord kommune til ringedugnad i samband med årets TV-aksjon. Innsatsen gav imponerande resultat: over 286 000 til NRC Flyktninghjelpen.

På ringedugnaden deltok folkevalde, representantar frå Medvind24 og tilsette på avdeling Kommunikasjon og service i Vindafjord kommune. Mona Kristin Haraldseid er hovudkoordinator for innsamlinga.
I år går innsamlinga til NRC Flyktninghjelpen. Organisasjonen arbeider i nokre av dei mest alvorlege krisene i verda, og målet med årets aksjon er å gi over 400 000 menneske på flukt ein trygg heim og håp for framtida.
Over 120 millionar menneske er i dag på flukt frå krig, konflikt og forfølging – meir enn dobbelt så mange som for ti år sidan. Mange har mista både heimen, nærmiljøet og trua på framtida. Pengane frå TV-aksjonen 2026 skal bidra til tryggare og betre buforhold for menneske på flukt i Syria, Gaza, Afghanistan, Tsjad, Sudan og DR Kongo.

Takk til næringslivet – og oppmoding til innbyggjarane
Komiteen rettar ei stor takk til næringslivet i Vindafjord kommune for positiv respons og stor givarglede til både TV-aksjonen og Barnekreftforeninga.
Vindafjord kommune er ansvarleg for å organisera og gjennomføra årets TV-aksjon lokalt. Me oppmodar alle innbyggjarar til å ta godt imot bøsseberarane søndag 18. oktober – kvar krone gir håp og hjelp til menneske på flukt.

Les meir om NRK TV-aksjonen 2026

Publisert 16.10.2026 13:26
Sist endra 16.10.2026 13:36