Giftinformasjonen ønskjer å førebyggje soppforgiftingar og nå ut med informasjon til alle som plukkar og et sopp.
Folkehelseinstituttet (FHI) har oppdaterte brosjyrar om giftige soppar i Noreg. Brosjyrane er frå 2026, og finst på meir enn 20 språk.
Giftige sopper i Norge – FHI
FHI har også samla informasjon om giftige soppar, plantar og bær.
Her finn du mellom anna videoklipp som viser ulike typar giftige soppar i Noreg, og videopresentasjonen Sopp i Norge på norsk og engelsk.
Presentasjonen gir grunnleggande informasjon om kva du bør tenkje på før du plukkar og et sopp i Noreg.
Giftige sopper, planter og bær - FHI
Skjermdump (video) FHI
Informasjon om sopp som er etande
Norges sopp- og nyttevekstforbund har også oppdatert informasjon om sopp som er etande - for nybyrjarar, på norsk og engelsk.
Sopp-for-nybegynnere-2026.pdf
Mushrooms-in-Norway-2026.pdf
Få soppen kontrollert om du er usikker
Sopplukking er ein fin aktivitet, men før du et soppen må du vite at han er trygg.
Me minner også om bemanna soppkontroll-app og fysiske soppkontrollar i dei ulike distrikta. Er du i tvil, bør du alltid få soppen kontrollert før han blir brukt til mat.
Digital soppkontroll
Du kan bruka mobilen til å sjekka om du har plukka sopp som er etande.
Norges sopp- og nyttevekstforbund har ein app - Digital soppkontroll - som kan hjelpa deg i soppsesongen.
I appen kan du lasta opp bilete av soppen du har plukka, slik at soppkontrollørar på vakt kan kontrollera soppen for deg og fortelja deg om den er etande.
Soppkontrollen er open fra 1. juli til 31. oktober
Her finner du appen:
GooglePlay og App Store
Finst også i en webversjon på Soppkontroll.no
Skjermdump (video) FHI
Kontakt Giftinformasjonen hvis uhellet er ute:
22 59 13 00
Døgnopen telefon.