Planlegg dose 3 til alle over 65 år før jul

Vindafjord kommune avslutta årets massevaksinering mot influensa denne veka. Framover vil vaksinekontoret prioritera koronavaksinering, og alle over 65 år vil få SMS om timebestilling.

Wilfried Pohnke, Pixabay

– Me har hatt rekordoppslutning til influensavaksine i år, og det er veldig kjekt å sjå. Risikogrupper som ikkje har fått vaksinen, må nå ta kontakt med fastlege eller apotek, seier Anne-Beate Økland, beredskapskoordinator smittevern.

Vaksinekontoret prioriterer koronavaksinering framover. Dei følgjer Folkehelseinstituttet sine anbefalingar for kva grupper ein skal prioritera til ei kvar tid.

– Me tar sikte på å gjera oss ferdige med gruppa over 65 år før jul. Dei som er meldt inn av spesialisthelsetenesta, og dei som ønskjer første dose, må kontakta vaksinekontoret direkte, seier Økland.

Sender ut SMS

Det vert i desse dagar sendt ut ei oppfordring på SMS til alle over 65 år i Vindafjord om å bestilla time til 3. dose koronavaksine.

– Det vil fortløpande bli sett opp vaksinasjonsdagar etter kvart som me får inn vaksiner. Dei som allereie har fått time til 3. dose må sjå vekk frå denne meldinga, seier Økland.

NB! Ved timebestilling i Remin trenger du ikkje å fylla ut eigenerklæringsskjema.
Har du luftvegssymptom og ikkje kan møta til time, ta kontakt med vaksinekontoret på mobil 91 30 38 42.

Blir sletta om du er under 65

Timebøkene er nå opne, men det betyr ikkje at dei under 65 kan bestilla time til dose 3.

– Timebestillingar frå personar under 65 år vil automatisk bli sletta, understrekar Økland.