Pensjonisttreff på Sjøperlo: Framtidas bustadløysingar og omsorgstilbod
Pensjonistforbundet Vindafjord og Vindafjord kommune inviterer til pensjonisttreff på Sjøperlo torsdag 27. november.
Temaet for dagen er framtidas bustadløysingar og omsorgstilbod – og kva moglegheiter som finst for eldre i kommunen.
På treffet får me besøk av Linda Nordgreen, seniorrådgivar, og Bjarte Bøe Alræk, avdelingsdirektør i Husbanken.
Dei vil fortelje om Husbanken sine verkemiddel retta mot eldre, og korleis desse kan bidra til trygg bustad og gode løysingar for framtida.
I tillegg vil Vindafjord kommune orientere om arbeidet med prosjektet for samlokalisering av omsorgssentra.
Tid og stad:
📍 Arrangementkaféen på Sjøperlo
📅 Torsdag 27. november 2025
🕒 Kl. 11:00–12:30
Det blir servert noko å bite i,
Me håpar mange tek turen for å få nyttig informasjon og delta i gode samtalar om framtidas moglegheiter.
Vindafjord kommune
Sist endra 20.11.2025 15.11