Pårørandeskule i Etne og Vindafjord – hausten 2026

Er du pårørande til ein person med demens? I haust inviterar Etne kommune og Vindafjord kommune til kurs. Påmeldinga opnar 10.august.

Pårørandeskulen er eit kurstilbod til deg som har eit familiemedlem eller ein nær ven med demenssjukdom. Personen med demens kan bu i eigen bustad eller på institusjon.

Pårørandeskulen har som mål å gi kunnskap, støtte og verktøy til å meistre kvardagen.

Gjennom faglege forelesingar, plenums- og gruppesamtalar får du kunnskap om demens, og du får treffa andre pårørande i same situasjon og fagpersonar med kompetanse på området.Bilete av to som held rundt kvarandre

Kurset går over 4 samlingar frå klokka 18.00 til 21.00
Datoar: 14. oktober, 21. oktober, 28. oktober og 04. november
Stad: Etne omsorgssenter, dagsenterstova

Kurset er gratis og ope for alle pårørande som ønskjer meir innsikt og støtte i møte med demenssjukdom. 

Tema for samlingane er mellom anna:

  • Demenssjukdommar
  • Pårøranderolla
  • Kommunikasjon
  • Tenestetilboda i kommunane
  • Meir kjem

Påmelding og kontakt:

Velkomen til lærerike og støttande samlingar!