På jakt etter nye innbyggarar og arbeidstakarar

Med tilbod om meiningsfulle jobbar, moglegheiter for jobb til kjærasten i vårt mangfaldige næringsliv, og attraktive stipendordningar for sjukepleiar- og vernepleiarstudentar, ynskjer me å tiltrekka oss nye talenter.

Ingebjørg Rullestad Gjerde

Onsdag 16. oktober deltok me på karrieredag arrangert av Haugesundregionen ved HVL i Bergen. Ein rekke bedrifter frå regionen hadde stand på dagen, og kvelden bydde på mingling og bedriftspresentasjonar. Målet var å visa studentane det rike næringslivet og dei mange moglegheitene som faktisk finnes i regionen vår.

Representantar frå Vindafjord kommune, inkludert kommunalsjef for organisasjon Ingebjørg Rullestad Gjerde og HR-rådgjevarane Marthe Fosse og Anne Solveig Kvinnesland, var til stades. Dei hadde med seg sjukepleiarstudent Stine Reimers, som studerer i Bergen og har studentavtale med kommunen. Ho kunne fortelje studentane korleis det er å studera i Bergen og samtidig jobba som sjukepleiarstudent på ein av institusjonane i Vindafjord. 

Under arrangementet på dagen kunne studentane delta i ein quiz om kommunen, samt væra med i trekninga av to gåvekort frå Kiwi, verdt høvesvis 1000 kr og 500 kr. Trekninga blei gjennomført før kveldsarrangementet, og to heldige vinnarar fekk utdelt sine premiar. 

Me lanserte også ein spennande «nyutdannabonus» for studentar som fullfører høgskule-/universitetsgraden sin sommaren 2025. Dei som får jobb i Vindafjord kommune frå hausten 2025 og minimum jobbar til sommaren 2026, vil væra med i trekninga av ein nyutdannabonus på 25 000 kr hausten 2026. Alle vilkår kan lesast på våre nettsider, og det vil være mogleg å melda seg på heilt fram til 31. august 2025. 

På kvelden fekk studentane eit minikurs i jobbsøking av leiar for NAV marknad Nord-Rogaland, Elisabeth Lie Nilsen, for å få fart på minglingen og nettverksbygginga utover kvelden. Studentane blei inspirert og var veldig aktive og kontaktsøkande. Me fekk snakka med mange spennande unge vaksne, høyra om studiane og framtidsmåla deira. Dei var nysgjerrige på kva kommunen kan tilby dei både som arbeidstakar og som innbyggar, og me fekk nokon gode samtalar og knytt kontaktar.

Gjennom vårt nærvær på slike arrangement håpar me å inspirera studentar (og andre) som kanskje ikkje hadde vurdert Vindafjord som ein arbeidsplass eller buplass. Me ser fram til å dyrke nye relasjonar og bygga eit sterkare lokalsamfunn. 

Frå venstre: Stine Reimers, Anne Solveig Kvinnesland, Marthe Fosse og Ingebjørg Rullestad Gjerde