På god veg mot vaksinemålet i februar

Koronavaksinasjonen går sin gang i Vindafjord. Per i dag ser me for oss å nå målet med tilbod om dose 3 til alle over 18 år innan andre halvdel av februar.

 

Wilfried Pohnke, Pixabay

Det blei tatt eit godt jafs med dose 3 førre veke. Det skuldast ekstra vaksineringsdag laurdagen. I underkant av 800 personar blei vaksinerte denne dagen.

– Me har god kapasitet til å etterkomma befolkninga i Vindafjord sitt behov for time til dose 3 innan andre halvdel av februar, seier Anne-Beate Økland, beredskapskoordinator smittevern.

Bestill time til vaksine

Det var i hovudsak 3. dose som vart sett laurdagen, men svært gledeleg at også om lag 30 personar møtte opp til 1. dose.  Det vart opna for drop in-vaksinering, og om lag 20 personar nytta seg av dette tilbodet.

– Me var litt spente på organiseringa i forkant laurdag sidan me denne gongen hadde med folk utanfrå som ikkje er med til vanleg. Det var til saman rundt 35 personar i sving i Skjold Arena og Ølen kulturhus. Det gjekk over all forventing. Stor takk til sivilforsvar, frivillige, sjukepleiarar og merkantilt personell som var med denne dagen! Dei gjorde en kjempejobb, seier Økland.

Vaksinering av 12-15-åringer er nært føreståande

Ein er nå i gang med planlegging av vaksinering av barn i alderen 12-15 år. Denne gruppa får tilbod om å ta 2. dose med BioNTech/Pfizer-vaksinen, dersom dei og føresette ønskjer det.

– Dei som tidlegare har gjennomgått covid-19 er foreløpig ikkje anbefalt vaksinering. Meir informasjon om dette vil bli sendt ut til føresette via Visma som tidlegare, seier Økland.

Det blir tilbod om vaksinering i skulen, men også tilbod om time på Ølen kulturhus for dei som ønskjer det. For dose 2 trenger ein mellom anna nytt samtykke frå begge foreldre.

Vaksinering av 5-11-åringar

Barn i årskull 2016-2010, og dei i årskull 2017 som har fylt 5 år, kan få vaksine dersom dei føresette ønskjer det. Tilbodet er mest aktuelt for barn med kroniske sjukdommar, barn i kontakt med sårbare personar, og barn som skal opphalda seg eller flytta til land med høg smitterisiko eller dårlegare tilgang til helsetenester. 

– Me ber om at føresette som ønskjer vaksinering i denne aldersgruppa tar direkte kontakt med vaksinekontoret, seier Økland.

Send ein e-post til vaksinekontor@vindafjord.kommune.no,
eller ring vaksinetelefonen 91 30 38 42, måndag til fredag klokka 09.00 - 12.00.