Over 1200 venta til vaksinering – med eigenberedskap på dagsorden

Influensavaksineringa held fram på kulturhuset i Ølen torsdag. Det er venta over 1200 innbyggjarar i løpet av dei fem vaksinasjonsdagane. Nytt av året er at innbyggjarane også får nyttig informasjon om eigenberedskap medan dei ventar.

Med stor pågang og nesten fullbooka timelister er det god aktivitet under årets influensavaksinering. 

Det er framleis ledige timar torsdag 26. november:

Bestill her

Influensavaksinering og eigenberedskap står på agendaen. - Klikk for stort bileteInfluensavaksinering og eigenberedskap står på agendaen. Marianne Log Rødde

Nyttig kunnskap i ventetida

I år handlar besøket på kulturhuset om meir enn å få vaksine.

Vindafjord kommune har i år sett ekstra søkjelys på eigenberedskap. Sanitetskvinnne er til stades og deler informasjon og brosjyrar medan innbyggjarane ventar etter vaksineringa.

Målet er å auka kunnskapen om korleis kvar enkelt kan førebu seg på situasjonar der viktige tenester som straum og vatn fell bort.

– Me har hatt mange gode diskusjonar om eigenberedskap og fått svært gode tilbakemeldingar på opplegget. Det er kjekt å sjå at folk engasjerer seg, fortel Anne-Beate Økland, beredskapskoordinator smittevern og vaksinekontor.

Influensavaksinering og egenberedskap på agendaen - Klikk for stort bilete Marianne Log Rødde

Kommunen si største beredskapsøving

Den årlege gruppevaksineringa er også Vindafjord kommune si største beredskapsøving.

Gjennom vaksineringa får helsepersonell og andre involverte øvd på samarbeid, logistikk og handtering av mange menneske på kort tid. Dette gir verdifull erfaring som kommunen kan dra nytte av dersom det oppstår situasjonar som krev rask og koordinert innsats.

I år blir dermed både kommunen sin beredskap og innbyggjarane sin eigenberedskap sett på dagsorden.

Influensavaksinering og egenberedskap på agendaen - Klikk for stort bilete Marianne Log Rødde

Det er framleis ledige timar torsdag 26. november:

Bestill her

Du kan også kontakta vaksinekontoret på vaksinekontor@vindafjord.kommune.no eller telefon 913 03 842, måndag til torsdag kl. 09.00–15.00.