Året har gitt oss NM-gull i volleyball til Vera og Hedda Gjerde, sandvolleyball-gull til Tiril Våg Skjold, styrkeløft-gull til Lene Vormestrand, klatring U19-gull til Anna Vivelid og karate-gull til Annika Tökés Krokå.
Mange lokale heltar har i tillegg gjort ein stor innsats for lokalmiljøet i Vindafjord, og vil få utdelt prisar under nyttårsmottakinga 4. januar.
Idrettsglede på toppnivå
Hedda Gjerde, som vann NM-gull damer volleyball, fortel om si oppleving:
— Eg synest det er ein veldig fin måte å bli heidra på. Å sjå at lokalmiljøet følgjer med og støttar, betyr mykje og er både motiverande og inspirerande.
– Det er utruleg stort å få oppleva dette saman med søstera si. Og ikkje minst kjekt å vera ein del av eit lag som TIF Viking. Sammen har me fått vera med på å skriva historie i norsk kvinnevolleyball, legg Vera Gjerde til.
Hedda og Vera Gjerde spelar begge volleyball på toppnivå, og blir heidra på ordføraren si nyttårsmottaking.
Privat
— Å vinna NM var ei stor oppleving, og det er kjekt å få ei slik anerkjenning her heime, seier Lene Vormestrand, som vann NM-gull i styrkeløft.
Lene Vormestrand har nådd langt innan styrkeløft
Privat
Anna Vivelid vann NM-gull i klatring U19.
— Det er veldig stas å vinne sidan eg brukar mykje tid på klatringa. Men først og fremst ein veldig kjekk aktivitet å helde på med i kvardagen! Det er ei ubeskriveleg kjensle når alt går bra i klatreveggen, og eg kjem lengst opp, fortel ho.
Anna Vivelid i klatreveggen
Privat
Tiril Våg Skjold kjenner det på same måte. Ho vann NM-gull i sandvolleyball jenter 19.
— Det er heilt utruleg flott å sjå at alt arbeidet eg har lagt ned, og alt eg har ofra på vegen – faktisk gir resultat. Etter å ha vore innom både sølv- og bronseplass tidlegare, var det endeleg heilt fantastisk å få stå øvst på pallen. Kjensla av å lukkast etter så mykje innsats er vanskeleg å setja ord på – det var rett og slett heilt sjukt gøy, understrekar ho.
Det vart sandvolleyball-gull til Tiril Våg Skjold
Privat
Stor breidde i talent
Kjellaug Selsaas tok VM-gull i konkurranselydnad med hunden Nelly – eit bevis på breidda i talent.
— Det er utruleg kjekt å bli heidra og ikkje minst å bli sett når me kjem til toppen i eit VM! Bak resultata til Nelly og meg ligg det masse, masse trening, reising, kvalifiseringskonkurransar, glede, samarbeid og utgifter. I år er det tredje gongen me står på pallen i VM, etter å ha konkurrert mot 120 deltakarar frå 23 land, fortel Kjellaug stolt.
Ho legg til:
— Nelly er ein god gjetarhund, godkjend terapi- og skulehund, og verdas beste turkamerat både på skiturar og fjellturar.
Kjellaug og hunden Nelly
Privat
Prisvinnarar med lokalt engasjement
Omsorgs- og inkluderingsprisen går til Ølen Idrettslag for det hjartevarme arbeidet med Stjernelaget – eit tilbod som gir meistring og idrettsglede til personar med funksjonsnedsetjingar.
Klubben gjer òg ein betydningsfull innsats for integrering i lokalmiljøet – både gjennom aktivitetstilbod, dugnadsarbeid og sosial inkludering.
– Det er veldig stas å få denne prisen. For oss er inkludering og omsorg ikkje eigne prosjekt, men ein naturleg del av kvardagen i Ølen IL. Då opplevest det godt å bli sett og anerkjend for dette arbeidet, fortel Johnny Vik, som er styreleiar i Ølen IL.
– Bak prisen ligg arbeidet til mange frivillige over lang tid. Trenarar, lagleiarar og andre eldsjeler som kvar veke stiller opp for å gi barn, ungdom og vaksne ein god og trygg arena å høyra til i, påpeikar han og legg til:
– Me er opptekne av at alle skal kjenna seg velkomne, uansett bakgrunn, føresetnader eller ambisjonar. Idrettslaget skal vera ein stad der ein blir sett, tatt vare på og får utvikla seg – både som utøvar og medmenneske.
Hjertelaget på tur
Ølen IL
UL Skjoldafjord får årets kulturpris
Kulturprisen blir tildelt UL Skjoldafjord, som har levert ein imponerande sesong med teater, dans og musikalar – inkludert storsatsinga We Will Rock You.
– Dette er både stort, rørande og litt overveldande. Å bli kåra til Årets kulturpris i Vindafjord betyr enormt mykje for oss. Det kjennest som ei sterk anerkjenning av alt det frivillige arbeidet som blir lagt ned – kveld etter kveld, helg etter helg – av menneske som brenn for å skapa kultur og fellesskap i bygda, seier Morten Eiknes.
Bak kvar framsyning, kvart arrangement og kvar applaus ligg det utallege dugnadstimar.
– Denne prisen er ikkje til éin person, men til eit heilt lag av frivillige i alle aldrar som bidreg på, bak og framfor scena. Det er dette fellesskapet som gjer UL Skjoldafjord til det det er i dag.
UL Skjoldafjord
For dei som står bak, handlar kultur om meir enn scenekunst og arrangement.
– Det handlar om tilhøyrsle, meistring og møteplassar der barn, ungdom og vaksne får kjenna at dei høyrer til. Å få denne prisen frå Vindafjord kommune gir både motivasjon og ansvar – og inspirasjon til å halda fram med å skapa inkluderande, levande og engasjerande kulturtilbod i åra som kjem, seier ein stolt Morten Eiknes.
Næringspris og byggeskikkpris
Næringsprisen går til Rørleggar Haraldseid AS, som har vore ein solid aktør i lokalt næringsliv i 50 år.
– Det var både overraskande og veldig kjekt å bli heidra. Me er stolte og takksam for anerkjenninga, fortel Knut Inge Haraldseid og legg til:
– Røyrlegger Haraldseid legg vekt på gleda av gode kunder, samarbeidspartnarar, og peiker samstundes på kor viktige dyktige og engasjerende tilsette er for å kunne levere godt arbeid. Næringsprisen er ei viktig anerkjenning av arbeidet som blir lagt ned.
Dei tilsette hjå Rørleggar Haraldseid
Rørleggar Haraldseid
Byggeskikkprisen heidrar Veronika og Jone Tveit for restaurering og revitalisering av den gamle hermetikkfabrikken i Haraldseidvågen.
Haraldseidvågen
Privat
– Det er stor stas at det me held på med blir lagt merke til og sett pris på. Det er òg ein hyllest til dei som har bidrege i arbeidet – familie, venner og lokale handverkarar. For oss gir det veldig stor meining å gi nytt liv til den historiske plassen. Me gler oss til fortsetjinga, fortel Jone.
Kulturstipend til unge talent
Vindafjord har òg delt ut kulturstipend til to unge utøvarar:
Linea Helgevold Fjelldalselv, som satsar på mellomdistanse-løping, og Vera Gjerde, som kombinerer toppidrett i volleyball med studiar i Bergen.
– Det ligg mykje arbeid bak når det gjeld trening, både heime i Sandeid og i Haugesund. Det blir ein del reising i helgane på samlingar, stemne og løp, men dette er sjølvsagt både sosialt og kjekt. Kjensla av å vinna er alltid veldig god, men det er det å forbetra seg som driv meg. Heller ein 2. plass med ei god tid enn ein siger der eg kjenner eg har gjort eit dårlegare løp, fortel ho.
Linea Helgevold Fjelldalselv satsar på mellomdistanse-løping
Privat
Ein kveld for fellesskap
Nyttårsmottakinga blir ein kveld med heider, kulturinnslag og refleksjonar om året som har gått – og blikket framover mot 2026.
Me kan lova at det blir både inspirerande og kjekt.
Idrettsvinnarar 2025 som blir heidra:
Vera Gjerde – NM-gull damer volleyball
Hedda Gjerde – NM-gull damer volleyball
Tiril Våg Skjold – NM-gull sandvolleyball jenter 19
Lene Vormestrand – NM-gull styrkeløft
Kjellaug Selsaas – VM laggull lydighetshund
Anna Vivelid – NM-gull klatring U19
Annika Tökés Krokå – NM-gull Kyokushin Kai (fullkontakt karate)
Prisar som blir delte ut på mottakinga:
Omsorgs- og inkluderingsprisen: Ølen Idrettslag (for Stjernelaget og inkluderingsarbeid)
Kulturprisen: UL Skjoldafjord (for teater, musikal og kulturarbeid, inkl. We Will Rock You)
Næringsprisen: Rørleggar Haraldseid AS (50 år i næringslivet, lokal verdiskaping)
Byggeskikkprisen: Jone Tveit (restaurering av hermetikkfabrikken i Haraldseidvågen)
Kulturstipend 2025
Linea Helgevold Fjelldalselv – satsar på mellomdistanse løping
Vera Gjerde – toppidrett volleyball
Plakat/Vindafjord kommune