Ordføraren ønskjer velkomen til eit gratis arrangement 4. januar 2026 frå 16.30–20.00 i Ølen kulturhus.
Eit av høgdepunkta for kvelden er sofapraten, der forfattarane Agnes Matre, Agnes Ravatn og Anne Gunn Halvorsen møtest til ein interessant og innhaldsrik samtale.
Publikum kan òg gle seg til eit variert og fargerikt program frå scenen:
Kine Nesheim står for ein eigen konsert denne kvelden.
I tillegg får publikum høyre innslag frå Belgtøttene, Kore' Vindafjord og talentfulle elevar frå kulturskulen.
Kulturpris og heider
Som tradisjonen tilseier, blir det også utdeling av kulturprisar, gåver og heidring av vinnarar denne kvelden.
I pausen blir det servert kaffi og kaker – ein perfekt anledning til å starta det nye året i godt lag.
Nyttårsmottakinga er ei varm og innhaldsrik markering av eit nytt år, der kultur, fellesskap og engasjement står i sentrum.
Arrangementet er gratis og ope for alle.
Plakat/Vindafjord kommune