Oppsummering og råd i samband med arrangement

Mange spør om ulike ting kring forsterka råd og tiltak i Vindafjord. Kommuneoverlegen si oppsummering veke 46 er difor både oppsummering og kommentarar til korleis ein skal stilla seg til råd og tiltak.

Kommuneoverlege Terje Kleiven - Klikk for stort bileteKommuneoverlege Terje Kleiven. Ellen Marie Hagevik

Etter nokre veker med svært høge smittetal i kommunen vår, ser det ut til at smittepresset har stabilisert seg på eit moderat nivå.

Fram til onsdag denne veka har me om lag 30 personar som har testa positivt enten på PCR-test eller hurtigtest. Dette er personar busette i ulike delar av kommunen. Utbrotet på Fatland har roa seg i stor grad.

Dei forsterka smitteråda og gult nivå på skulen og i barnehagar ser det ut til å ha hatt ein viss effekt. Mange tek kontakt med spørsmål kring råda, så her er råda med kommentarar:

Forsterka råd

Vindafjord kommune har vedteke å gå ut med forsterka råd til innbyggarane. Råda gjeld frå fredag kveld 5. november og inntil vidare.

  • Alle med teikn til akutt sjukdom (spesielt luftvegssymptom) skal halda seg heime.

Kommentar: Dette er det viktigaste smitterådet som alle bør ta til seg. Denne gruppa skal ikkje ta del i noko form for arrangement.

  • Personar over 12 år skal testa seg med hurtigtest ved symptom.

Kommentar: Dette er det same som nasjonale retningslinjer. Barn under 12 år kan testast om føresette ønskjer det.

  • Hald avstand til andre. 

Kommentar: Dette er eit nasjonalt råd som har dokumentert effekt når det gjeld smittespreiing. Om ein deltek på arrangement oppfordrar me alle til å vera bevisste på dette.

  • Uvaksinerte vert oppfordra til å vaksinera seg.

Kommentar: Dette er avgjerande for å kunna stoppa smitten. Vaksinerte kan spreia smitte, men i mindre grad enn uvaksinerte. Vaksinerte får ikkje så sterke symptom som uvaksinerte. Dette gjeld både akutt sjukdom og seinskadar etter infeksjon.
Me har fleire vindafjordingar som har vore innlagte med alvorlege symptom, og dei fleste har vore uvaksinerte. Spesielt aldersgruppa mellom 25 år og 65 år har dårleg vaksinedekning i kommunen vår. Berre vel 70 prosent av denne gruppa er vaksinert. Det aukar risikoen for smitte i bygdene generelt. 

  • Reduser talet på nærkontaktar.

Kommentar: Mange lurer på korleis dei skal stilla seg til dette rådet. Det er opp til den enkelte å ta ansvar. Slik smittesituasjonen er i kommunen vår no, veit me at det er større sjanse for å få smitte, bli smitteberar, eller få sjukdom jo fleire nærkontaktar me har.
Det er ikkje sikkert det er viktig å få med seg alt av arrangement og tilstelningar framover. Det er ei heller sikkert ein skal besøka kvarandre i heimane i like stor grad før smitten lokalt har gått ned, osv..

  • Dei som har høve til det bør ha heimekontor. Unngå mingling på arbeidsplassen.

Kommentar: Dette er eit tiltak som både reduserer nærkontaktar og risiko for smitte.

  • Det skal vera forsterka smittetiltak på alle arrangement. Dette inneber spriting og vasking av hender, legga til rette for at ein kan halda avstand osv..

Kommentar: Rådet gjeld alle arrangement fram mot jul. Det er ikkje forbod mot arrangement, og om deltakarane føl råda som gjeld den enkelte (er heime ved symptom, held avstand, reduserer talet nærkontaktar osv.), er risikoen for å få smitte redusert.

  • Bruk munnbind der det ikkje er mogeleg å halda avstand innandørs.

Kommentar: Dette er eit råd som i stor grad beskytter andre mot smitte frå deg, og i noko grad beskytter deg mot smitte frå andre. Offentleg transport er også innandørs.

  • Serveringsstadar bør berre servera ved bord.

Kommentar: Dette gjeld servering av både mat og drikke. Dette er eit tiltak som er til hjelp for alle gjester og vertar til å halda avstand, unngå kontaktsmitte i buffear osv..

Tiltak i kommunen

  • Kommunen opprettheld påbod om bruk av munnbind for tilsette i institusjonar og heimetenesta. Påbod om munnbind gjeld også for besøkande.

Kommentar: Me har smitte blant tilsette i heimetenesta og blant pasientar. Dette tiltaket vil gjelde inntil vidare. Vert vurdert fortløpande.

  • Kommunen innfører gult nivå ved alle skular og barnehagar i Vindafjord frå veke 45.

Kommentar: Dette tiltaket vert vurdert frå dag til dag. Mange unge er flinke å tenka kohortar. Ein del ser dilemmaet med at der er arrangement på kveldstid medan ein må halda kohorten på skulen på dagtid.
Rasjonalet bak tiltaket har vore å redusera det totale smittepresset gjennom døgnet. På skulen og i barnehagar har det vore mogleg å ta kontroll ved å innføra kohortar, medan fritidsaktivitetar for barn og unge har vore skjerma. 

Oppsummering

Oppsummert er det slik at det er heilt ok å ta del i arrangement, men å vera gjennomtenkt og nøktern når det gjeld deltaking i ulike arrangement er ikkje feil. På utandørsarrangement er det klart mindre smittepress.

Terje Kleiven,
kommuneoverlege