Oppstart i barnehagane

I dag er starten på eit nytt og spennande barnehageår i Vindafjord. 

Små og store er tilbake etter sommarferien, og både barn og tilsette er klare for leik, læring og gode opplevingar saman.

Fire barnehageansatte som smiler mot kameraet - Klikk for stort bileteLene, Anne Wenche, Charlotte, Shirley og Hilde er superklar til å møte små og store. Vindafjord kommune

Lene, Anne Wenche, Charlotte, Shirley og Hilde i Vikebygd barnehage er superklare til å møte små og store.

– Velkommen til nytt barnehageår i Vikebygd barnehage! Me gler oss til gode dagar med tryggleik, utvikling og trivsel. Varmt velkommen, seier Hilde Bjelland Abelseth, einingsleiar/rektor ved Vik oppvekstsenter.

– Me ynskjer velkomen til nye barn og velkomen tilbake til dei som har hatt ferie like fram til no. Det blir kjekt å koma i gong med eit nytt og spanande barnehageår fullt av leik og aktivitet. Både små og store er nok spente på korleis det vil bli, og me ser fram til å bli kjent med nye vener, fortel Inger Kathrine Sundve, einingsleiar ved Sandeid Oppvekstsenter.

Velkomsthilsen i barnehagen - Klikk for stort bilete Vindafjord kommune

– Velkomen til nytt barnehageår på Vågen oppvekstsenter! Me gler oss til gode dagar med leik, glede og fellesskap saman med barn og foreldre!, framhevar Sofie Haugland ved Vågen oppvekstsenter.

Me ynskjer alle barn, foreldre og tilsette velkomen tilbake – og ein god start på barnehageåret.

Velkomsthilsen i barnehagen - Klikk for stort bilete Vindafjord kommune