Ope stormøte om framtidas dyrehald

Satsinga Arbeid for god dyrehelse og dyrevelferd i Rogaland arrangerer ope stormøte «Framtidas dyrehald» i Tysvær. Det blir ein innhaldsrik kveld med fagleg påfyll med noko attåt.

Beitande sau på Kartavoll

Rogaland er eit stort husdyrfylke kor ein finn om lag 20 prosent av all storfe og sau, og om lag  30 prosent av all gris og kylling i Noreg. Her finn ein flinke og fagleg ambisiøse bønder som er opptekne av godt dyrestell, og som stadig gjer forbetringar.

Det bidrar til at norsk dyrehelse- og velferd ligg i verdstoppen. Det ønsker me at den skal fortsetta med. Då er det viktig med samlingar kor praktisk erfaring, forsking og kunnskap er i flyt. Slik skal me saman sikra at me ikkje stagnerer, men er framoverlente når det gjeld dyrehelse- og velferd.

Stad: Tysværtunet, storsalen
Tid: onsdag 11. mai, klokka 19.00 - 22.00

Det er gratis å delta.  

Program for kvelden

Framtidas dyrehald - Opent stormøte i Tysvær
Tid Innhald
19.00 - 19.15 Innleiing med statsforvaltaren
19.15 - 19.55 Smakebitar frå dyrevelferdsforsking på storfe med Cecilie Marie Mejdell frå Veterinærinstituttet
20.00 - 20.30 God dyrehelse og velferd, nøkkel til auka verdiskaping og inntening for norske svineprodusentar med Øystein Moen frå Norsvin
20.30 - 20.50 SPF med Olav Tjelta frå prosjektet SPF
21.00 - 21.30 Pause med noko attåt
21.30 - 22.00 Nytt om dyrevelferdsprogrammet for sau med Siv Svendsen frå Animalia

Det kan bli endringar i programmet.

Velkomen!