Omvisning på «nye» Ølen VGS

Tradisjonen tru hadde kommuneleiinga og ordføraren samarbeidsmøte med Ølen Vidaregåande skule. Denne gong var omvisning av «nye» ØVGS på agendaen.

Kommuneleiinga og ordførar på omvisning på nye Ølen vidaregåande skule Nils Erik Eide

Ølen vidaregåande skule og kommunen har samarbeidsmøte to gonger i året. Mykje av programmet på dette samarbeidsmøtet var altså omvisning. Ølen vidaregåande har, i tillegg til nybygg, renovert store delar av bygget i dei siste åra. Rektor Ruth J. Sæle og avdelingsleiar for yrkesfag Olav Hogne Espe  viste stolt fram resultatet til kommuneleiinga og ordføraren i Vindafjord kommune. Ikkje alt var heilt ferdig, men i juni skal det meste av renoveringa vera ferdig. 

Frå hausten 2020 har ØVGS fått nye undervisningslokale for Teknikk og Industrifag og Bygg- og anleggsteknikk. Elektro og arbeidstreningsklassen flytta inn i splitter nye lokale hausten 2021. For tida held dei på med mediatek og studiesenter for tur, og til sommaren vil heile skulen vere renovert, modernisert og betre tilpassa behova no- og framover.   

Administrasjonen er også totalrenovert, i tillegg driv dei på med å ferdigstille ny kantine, vrimleareal, nye grupperom og skaparrom. Verkstaden med tilhøyrande klasserom var imponerande å sjå. 

Her kan du sjå videoar frå dei ulike avdelingane på ØVGS

Sjå bilder frå omvisinga her:

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete