I gangane på skulen har det vore latter, nervar, dans og kostymeprøving – alt for å skape ei jubileumsforestilling som ingen gløymer med det første.
Ølen skule er 65 år, og det vart feira med eit show som tok publikum med på ei reise gjennom seks tiår.
Det har vore modige tilsette som kasta seg ut i Maskorama, elevar som har lært om 80-talshår og 70-talssongar, og foreldre som har leita på loft og i kjellar etter tidsriktige klede. For ei feiring det vart – men mest av alt: for eit samhald!
Maskorama på scenen
Ølen skule
Skapar magi saman
– Det har vore samlande for skulen er å jobba mot ei forestilling, fortel einingsleiar Gro Anett Espevoll stolt.
– Alle tok oppgåva seriøst, og heia på kvarandre.
Jubileumsforestillingen handla ikkje berre om glitter og paljettar, men om å gjera noko saman – og det lukkast dei med til fulle.
Dei yngste klassane opna showet med 60- og 70-talet, før mellomtrinnet skapte liv med hits frå 80- og 90-talet.
Ungdomstrinnet tok oss med til 2000-talet med Barbie Girl-faktor og tynne augebryn, medan valgfagselevane toppa det heile med moteshow.
Det var ei tidsreise med latter og applaus i kvar sving.
Barbiegirl på scenen
Ølen skule
Glitter, paljettar og sceneglede
Jenny og Karina frå 5. klasse hoppa rett inn i rolla som Bettan og Hanne frå Bobbysocks – med høgt hår, glitter og «La det svinge»-koreografi. Dei smiler breitt når dei fortel om opplevinga:
– Me var nervøse og hadde litt latterkrampe før showet. Me stod bak scenen og sa til kvarandre: «Tenk om me gløymer dansen!» Men då musikken starta, var det berre å køyre på. Det var kjempekjekt, seier Jenny.
Karina nikkar og legg til:
– Favorittdelen var 90-talet, det var så kul stil og musikk. Men me er glade for at me lever i 2025, ler ho.
Begge er einige om at scenelivet fristar:
– Me vil gjerne gjere dette igjen! Og me må skryte av dei vaksne på skulen – dei er kjempekule, spesielt med Maskorama. Me lo masse!
Konferansierar med kontroll
Mia og Anna frå 10. klasse hadde ei stor oppgåve: å leie heile forestillinga.
– Me var nervøse under generalprøven og tenkte: «Dette går for seint, me kjem aldri i mål!» fortel Mia med eit smil.
– Men på sjølve showet leverte alle akkurat slik dei skulle. Det blei veldig bra.
Anna legg til: – Det var kjekt å utfordra seg sjølv. Me måtte vere klare til å improvisere om noko gjekk gale, men det gjekk fint. Tilbakemeldingane har vore kjempepositive. Det var gøy å samarbeide om noko så stort.
Anna og Mia var konfransierar
Kristine Thorsen Eikeland
Barbie Girl og store draumar
Sofie frå 6. klasse tok publikum med storm som Aqua-Lene i lang rosa kåpe og solbriller.
– Det var yndlingssangen min som liten, så eg hadde veldig lyst til å ta den, fortel ho.
– Eg har øvd mykje, både heime og på kulturskulen. Eg har alltid elska musikk, og drøymer om å bli songar, skodespelar – eller advokat, fortel ho.
Ho smiler: – Det var gøy å få lov til å feire skulen. Mamma har gått her, og eg trur kanskje morfar har gått her og.
Sofie framførte Barbiegirl
Kristine Thorsen Eikeland
Rocky og jubel frå salen
Jozef og Theo frå mellomtrinnet gjenskapte den ikoniske bokseren Rocky med stor energi.
– Me var nervøse, men då me kom på scenen var det berre å hoppe ut i det, seier Jozef. – Alle klappa og heia, og det gjorde oss trygge.
Theo smiler: – Det var kjekt å vere ein del av noko så stort. Men me er einige om at 2025 er best, ler han.
Theo og Jozef gjenskapte Rocky
Kristine Thorsen Eikeland
Dei yngste stal showet
1.–4. trinn leverte nostalgiske innslag med «Bakvendtland», blokkfløyte og Astrid Lindgren-klassikarar.
Aarib, Mernawi, Lianna og Linea frå 4. klasse fortel:
– Me var litt spente og nervøse, men det var kjempekjekt! Me har øvd mykje, og det var gøy å sjå alle dei andre på scenen.
Maskorama vart eit av høgdepunkta – med modige tilsette som tok utfordringa på strak arm. – Me har mange kule vaksne på skulen!
Aarib, Merhawi, Lianna og Linea frå 4. klasse gjorde Astrid Lindgren-klassikarar
Kristine Thorsen Eikeland
Ei feiring for heile bygda
Einingsleiar Gro Anett Espevoll er mektig imponert:
– Me har fått masse flotte tilbakemeldingar. Tusen takk til elevar, foreldre, tilsette, FAU og Ølen Grendautval for innsatsen. Jubileumsforestillinga vart ikkje berre ei tidsreise, men eit bevis på kva ein kan få til når alle skapar noko saman.