Ølen Omsorgssenter- ein plass å bu, ein plass å arbeida!

Me er på jakt etter fleire gode kollegaer for vidare å bygge team og arbeide framover i lag. I denne filmen kan du sjå nokre av dei som arbeidar her og kanskje er det nokon du ikkje visste arbeida her?

Presentasjonen denne gongen er sjukepleiarar og om litt og vil kome ein presentasjon av fagarbeidarane og assistentar/studentar.

Ølen Omsorgssenter kan tilby langvakter- anten kun på helg, kombinert med ordinære vakter eller langvakter i heile stillinga. Dette gjer at du har lengre friperiodar, noko fleire av våre tilsette set stor pris på!