Nyttige samtalegrupper for pårørande

Vindafjord og Etne kommune har hausten 2024 arrangert samtalegrupper for pårørande til personar med demens. Tilbakemeldingane har vore gode, det er fint og nyttig å møta andre i same situasjon.

jhenning@Pixabay

Fagleg og sosialt påfyll for pårørande

Vindafjord og Etne kommune har hausten 2024 arrangert samtalegrupper for pårørande til personar med demens. Då det var for få påmeldte til å arrangera pårørandeskule for pårørande til personar med demenssjukdom i år, fekk dei som hadde meldt seg på istaden tilbod om å delta på samtalegrupper for pårørande til personar med demens. Totalt 10 personar deltok fire kveldar i oktober og november på Etne omsorgssenter.

Målet med samtalegrupper er å gi informasjon og kunnskap om demens, samt veiledning og støtte til pårørande til personar med demens. Samtalegrupper gir pårørande anledning til å møta andre i same situasjon.

Hukommelsesteamet i Vindafjord kommune og demenskoordinator i Etne kommune hadde fagleg ansvar for samlingane og for gruppesamtalane.

Vindafjord demensforeining og Skånevik Helselag informerte om deira organisasjon, mål og tilbod. I tillegg bidrog dei med kaffimat på alle samlingane.

Deltakerane fekk informasjon om aktuelle tenestetilbod i kommunane, informasjon om demens, kommunikasjon og framtidsfullmakt. Deltakerane fekk også informasjon om ulike hjelpemidler og presentasjon av desse.

Gruppesamtalane starta først i mindre grupper om tema på samlinga og kva dei sjølv ønska å snakka om, deretter delte gruppene opplevingar og erfaringar med kvarandre.

Brosjyrer, hefter og anna informasjonsmateriell var tilgjengelig for å ta med seg om ein ønska det.

Ny pårørandeskule

Hausten 2025 planlegg Vindafjord og Etne kommune å starta opp pårørandeskule for pårørande til personar med demens, meir informasjon om dette vil koma.

Bilete av eit ark på eit bord - Klikk for stort bilete