Nyttårsfeiringa 2026: Viktig å hugse på

Straks går me inn i 2026. Me ønskjer ei trygg feiring for alle – både menneske og dyr. 

Hugs dette:

• Fyrverkeri er berre tillate nyttårsaftan frå 18.00 til 02.00.
• Fyrverkeri er sprengstoff – born skal ikkje handtera det.
• Alkohol og fyrverkeri høyrer ikkje saman.
• Mange dyr vert redde – vis omsyn.


Trygg bruk av fyrverkeri:

• Les bruksrettleiinga og bruk vernebriller.
• Sørg for stødig underlag og god avstand (minst 25 meter).
• Bruk tennstav, tenn med strekt arm og fjern deg raskt.
• Gå aldri bort til fyrverkeri som ikkje har gått av.
• Nødrakettar er forbode, med mindre du er i reell nød.
Ha ei trygg og triveleg nyttårsfeiring.

Meir informasjon:
https://www.hbre.no/bruk-av-fyrverkeri/

Ilustrasjon nyttår - Klikk for stort bilete Ilustrasjon/Canva