Dei siste månadene har Vindafjordtunet hatt besøk av Helgevold Elektro og Atea, som har arbeidd med å installere eit nytt og moderne pasientvarslingssystem.
Ølen omsorgssenter har allereie hatt systemet i bruk i omlag eitt år, og har gode erfaringar med det.
Kristine Thorsen Eikeland
Inviterte til opplæring
Nyleg inviterte Atea til superbrukaropplæring, der dei tilsette fekk ei grundig innføring i korleis systemet fungerar og kva det kan bety for både bebuarar og personale.
Lisa Wickberg-Risan, rådgjevar innan velferdsteknologi i Atea, stod for opplæringa.
Med helsefagleg bakgrunn og stort engasjement for teknologi i omsorgstenesta, formidla ho kor viktig det er at dei som jobbar med slike system også forstår kvardagen i helsevesenet.
– Helsevesenet har lenge vore bakpå når det gjeld å ta i bruk ny teknologi, men no skjer det mykje bra på den fronten. Ein treng ikkje vera ekspert for å ta i bruk teknologien. Systema er intuitive, sikre og kan lærast av alle, sa ho.
Lisa Wickberg-Risan og Ruth Økland inviterte til superbrukaropplæring.
Kristine Thorsen Eikeland
Betre systemer
Pasientvarslingssystemet er utvikla med tanke på tryggleik og individuell tilpassing.
Bebuarane kan bevege seg friare og kjenne seg trygge på at dei får hjelp når dei treng det – utan å vera avhengige av ei ringesnor.
Systemet kan varsle ved fall, vandring ut av avdeling, eller andre kritiske situasjonar, og dei tilsette får varsling direkte på mobiltelefonen via Sensio-appen.
Systemet inkluderer også digitale tilsyn og tryggleikssensorar som RoomMate, som kan oppdage fall og andre hendingar, og sende varsel til personalet.
For dei som har behov, kan ein også ta i bruk pasientsmykke med posisjonering og varsling.
Kristine Thorsen Eikeland
Ein viktig milepæl
Ruth Økland, rådgjevar for helse og omsorg i Vindafjord kommune, understrekar at dette ikkje handlar om overvaking, men om å våke over.
– Det handlar om tryggleik for bebuarane, og om å gi dei tilsette ein betre arbeidskvardag. Når ein har betre oversikt og systematikk, kan ein sjå den enkelte sitt behov og bruka ressursane rett, seier ho.
Opplæringa denne veka var ein viktig milepæl før systemet blir tatt i bruk i slutten av oktober.
Vindafjordtunet går no inn i ei ny tid, der teknologi og omsorg går hand i hand for å skape ein trygg og god kvardag for både bebuarar og tilsette.
Kristine Thorsen Eikeland