Nytt kurs i sinnemeistring - oppstart 26.august

Kjenner du at sinnet ditt av og til går ut over dei du er glad i? Du er ikkje åleine – og det finst hjelp.

Bestefar var sint, pappa var sint. Men det stoppar med meg!
– tidlegare deltakar

Kristine Thorsen Eikeland

No startar me nytt sinnemeistringskurs i Vindafjord! Kurset går kvar veke i 15 veker, og kurshaldarane frå Familieteamet gler seg til å møte nye deltakarar.

Det er inspirerande å sjå korleis kurset kan bidra til positiv endring hjå andre. - Malin Engelsen Kaldheim.

Sinnemeistring handlar ikkje om å bli ein annan person – men om å forstå eigne reaksjonar, ta kontroll og bryte uheldige mønster. Kurset er basert på Brøset-modellen – ein godt dokumentert metode som blir brukt over heile landet. Mange opplev varig endring, både i kvardagen og i relasjonane sine.
Me ønskjer at deltakarane skal sitja igjen med meistringsfølelse og gode verktøy. Mange opplever fleire aha-augeblick undervegs. - Liv Jorunn Rygg

Kurset går føre seg i ei trygg gruppe med klare rammer og tausheitsplikt

Praktisk informasjon:

  • Oppstart 26.august 2026
  • Gruppekurs over 15 veker (2 timar per gong)
  • Moglegheit for individuelle samtalar
  • For kvinner og menn over 18 år (eige tilbod for ungdom 15-18 år)
  • Du treng ikkje tilvising

Vil du vite meir eller melde deg på?
Ta kontakt med familieteamet:

Kanskje dette er starten på ei varig endring – for deg og dei du er glad i.

Tidlegare artikkel om tilbodet