Nytt gruppetilbod for dei med Parkinson i haust

Fysio- og ergoterapitenesta i Vindafjord kommune planlegg ei ny Parkinsongruppe med oppstart i veke 40.

Tilbodet er retta mot personar med behov for tilpassa fysisk aktivitet og oppfølging, og vil bli leia av fysioterapeut.

Økta vil innehalda øvingar i ståande, sittande og på golvet, og gjennomførast 1–2 gonger i veka.

For å delta bør du:
• Ha sjølvstendig gangfunksjon (med eller utan hjelpemiddel)
• Kunna følgja instruksjonar
• Ikkje vera for avhengig av hjelp i kvardagen

Bilde av føtter med joggesko i solnedgang - Klikk for stort bilete Pixabay

Interessert – eller kjenner du nokon som kan ha nytte av dette?

Ta kontakt med Liv Kjersti Hustveit
📱 41 22 85 89
📧 liv.kjersti.hustveit@vindafjord.kommune.no

Meld deg på innan veke 38.