Nye Vindafjordhallen opnar i august

Nye Vindafjordhallen står snart klar til bruk. I slutten av august opnar dørene til det som blir eit nytt samlingspunkt for både store og små i kommunen.

– Det er utruleg kjekt å sjå resultatet. Når ein jobbar så tett på eit prosjekt, går ein verkeleg inn i det, seier Elin Tryti, prosjektleiar frå GL Prosjektservice.

Kristine Thorsen Eikeland

Mange aktørar – eitt felles mål

Mellom 40 og 50 personar har vore i sving samtidig i ulike fasar av prosjektet. 

Det har vore eit tett og godt samarbeid mellom kommunen, entreprenørar, rådgjevarar og lokale aktørar. 

Nyleg var representantar frå desse aktørane på synfaring saman med kommunedirektør Yngve Folven Bergesen og dei daglege leiarane for svømmehallen og bygdehuset.

– Me er stolte av nye Vindafjordhallen. Dette er ein viktig møteplass for Vindafjord, seier Bergesen. 

– Det har vore eit godt gjennomført prosjekt, levert på både tid og budsjett. GL prosjektservice har vore ein solid samarbeidspartnar.

Collage av symjehallen - Klikk for stort bilete Kristine Thorsen Eikeland

Ei heil veke med opningsfest

Når hallen opnar i slutten av august, blir det markert med ei heil veke fylt med aktivitetar for alle aldrar.

– Me gler oss til å ta imot folk! Det blir ei festveke med mykje kjekt på programmet, fortel Janne Urdal Aursland, styreleiar og dagleg leiar for Vindafjordhallen SA – selskapet bak det nye bygdehuset i Vindafjord.

Mangor Bårdsen frå Sandeid er tilsett som Vindafjord kommune sin daglege leiar for Vindafjordhallen.

Janne står smilande i ein av salane - Klikk for stort bileteJanne Urdal Aursland, styreleiar og dagleg leiar for Vindafjordhallen SA gler seg til opning. Kristine Thorsen Eikeland

Moderne fasilitetar for framtida

Den nye Vindafjordhallen byr på moderne spileveggar, lyse og luftige rom, badstu, flotte garderobar, to basseng, sklie og stupebrett. 

Bygdehuset rommar to store salar som eignar seg til alt frå kulturarrangement til konfirmasjonar og bryllaup. I tillegg er det eit funksjonelt kjøkken og eit triveleg kaféområde med kiosk.

– Me har allereie fått mange bestillingar for hausten. Her blir det både kultur, konfirmasjonar og bryllaup, seier Aursland.

Viktig for barn og lokalsamfunn

Kommunedirektøren understrekar kor viktig det er å ha ein god svømmehall.

– Til hausten får mange skuleborn si første svømmeopplæring her. Det betyr mykje. Og bygdehuset blir eit viktig samlingspunkt for lokalsamfunnet. Eg gler meg til å ta med mine eigne ungar hit, seier han med eit smil.

Yngve Folven Bergesen, Elin Tryti og Halfdan Krohn Brekke står føre hovudbassenget. - Klikk for stort bileteKommunedirektør Yngve Folven Bergesen, prosjektleiar Elin Tryti og kommunalsjef for samfunnsutvikling Halfdan Krohn Brekke synest det er kjekt å sjå resultatet. Kristine Thorsen Eikeland