Ny retning etter over sju år som kommunedirektør

Etter 7,5 år i rolla som kommunedirektør i Vindafjord går Yngve Folven Bergesen vidare til nye utfordringar. 

Han har takka ja til stillinga som advokatfullmektig i advokatfirmaet Elden, og avsluttar dermed eit langt og innhaldsrikt kapittel i kommunen 1. mars neste år.

– Eg har hatt ei svært lærerik og meiningsfull tid i Vindafjord, og det har vore ei stor glede å få arbeide saman med så mange dyktige og engasjerte menneske. No har eg fått ein spennande moglegheit i det private næringslivet. Det er ei tid for alt, og det kjennest rett å ta steget vidare, seier Bergesen.

Han har hatt ei sentral rolle i utviklinga av kommunen.

– Det har vore kjekt, og eg har trivst svært godt i stillinga. Det å leie ein organisasjon med så mange dedikerte tilsette som kvar dag, året rundt, går på arbeid for å gjere det beste for innbyggjarane har vore eit privilegium.

Han peikar på at overgangen til privat sektor blir ei ny og spennande erfaring etter mange år i det offentlege.

Kommunedirektøren med Ølen bak seg - Klikk for stort bileteYngve Folven Bergesen har vore kommunedirektør i 7,5 år. Kristine Thorsen Eikeland


Store moglegheiter i kommunen

Gjennom åra i Vindafjord har han opparbeidd seg brei erfaring, og hatt eit tett og godt samarbeid med både kommuneadministrasjonen, kommunestyret og næringslivet i regionen.

– Dette er ein spennande kommune og region med mykje på gang. Vindafjord har store mogelegheiter til å fortsetje å utvikle seg som både ein av dei leiande landbrukskommunane og som ein av dei leiande industri- og teknologikommunane i Noreg. Det å få treffe, lære og framsnakke næringslivet i regionen har vore veldig kjekt.

Ein framifrå jobb

Ordførar Ole Johan Vierdal uttrykker stor takksemd for innsatsen kommunedirektøren har lagt ned:

– Yngve har gjort ein framifrå jobb som kommunedirektør, og eg er svært nøgd med samarbeidet me har hatt. Han er godt likt både i det politiske miljøet og i det interkommunale nettverket. Samarbeidet med Yngve har vore prega av god takhøgd, open dialog og ei god fordeling. Han er ein kunnskapsrik, ærleg, open og behageleg samarbeidspart, seier Vierdal.

Arbeidet med å tilsetja ny kommunedirektør vil starta så snart kommunestyret har godkjent prosessen. 

Ordføraren understrekar at etterfølgaren vil få ei spennande og meiningsfull rolle i ein kommune i utvikling.

– Vindafjord, med over 9000 innbyggjarar, er ein attraktiv og sterk kommune - med eit slagkraftig næringsliv. Me ser fram til å finna ein ny kommunedirektør som kan vera med å vidareutvikla kommunen, avsluttar Vierdal.