Ny Parkinson-gruppe i Vindafjord til hausten

Fysio- og ergoterapitenesta i Vindafjord kommune planlegg oppstart av ei ny Parkinson-gruppe til hausten, med truleg oppstart i veke 39.

kampus, pexels

Tilbodet er spesielt tilpassa personar med Parkinson sjukdom og vil bli gjennomført 1-2 gonger i veka, leia av fysioterapeut. 

Kven kan delta? 

  • Personar som har sjølvstendig gangfunksjon, med eller utan hjelpemiddel
  •  Personar som kan ta imot og følgje instruksjonar
  • Personar som ikkje er for avhengige av hjelp i kvardagen

Treninga vil innehalde øvingar i ståande og sittande stilling, samt øvingar på golvet.

Kjenner du nokon som kan ha glede og nytte av dette tilbodet, eller er du sjølv interessert i å delta? Då vil me gjerne høyre frå deg!

Ta kontakt med fysioterapeut Gunvor Johansson Garvik:
Telefon: 96 00 62 32
E-post: gunvor.johansson.garvik@vindafjord.kommune.no

Me ønskjer at interesserte melder frå så snart som mogleg. På grunn av ferieavvikling vil førespurnader truleg ikkje bli besvarte før veke 35.