Ny nettstad skal gjera det lettare å velja Vindafjord
Vindafjord kommune lanserer ein ny digital inngangsport for alle som vurderer å flytta til kommunen.
- Nettstaden er ein viktig del av strategien vår for tilflytting og vidare vekst. Me ønskjer å gjera det enkelt å få oversikt over kva Vindafjord kan tilby, og å syna fram kvifor dette er ein god kommune å leva og arbeida i, seier kommunedirektør Halfdan Krohn Brekke.
Du finn den nye nettstaden for tilflyttarar her: Mitt Vindafjord
Skjermbilete av den nye nettstaden Mitt Vindafjord.På sida finn du samla og lett tilgjengeleg informasjon om:
- bustad og bumiljø
- jobb- og næringsmoglegheiter
- barnehage, skule og tilbod til familiar
- kultur-, idretts- og friluftsliv
- Me veit at førsteinntrykket ofte blir danna på nett. Med den nye nettstaden vil me visa fram kommunen på ein profesjonell, varm og realistisk måte, slik at det blir enklare å ta steget og velja Vindafjord, seier kommunalsjef for organisasjon Ingebjørg Rullestad Gjerde.
Nettstaden vil bli oppdatert jamleg med aktuelt innhald, døme frå kvardagslivet i kommunen og historier frå innbyggjarar og tilflyttarar.
Sist endra 30.09.2026 10.37